Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Job: Kven kan forstå Guds makt?

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Ja, du er god hjelp for ein maktlaus mann,ein reddande arm for den kraftlause!

3. Kor du gjev råd til den som manglar visdom,for ei innsikt du gjev han!

4. Kven lærte deg å tala?Kven kjem han frå, den pusten som går ut frå deg?

5. Daudingane skjelv,vatnet der nede og dei som bur der.

6. Nake ligg dødsriket for Gud,avgrunnen er utan dekke.

7. Han har breidd nordhimmelen ut over aude rommet,hengt jorda opp over ingenting.

8. Han bind vatnet i skyene,men skylaget rivnar ikkje.

9. Han løyner trona si,breier skyer rundt henne.

10. Rundt havet dreg han ei grense;himmelranda skil lys frå mørker.

11. Himmelsøylene vaklar,skremde av hans trugsmål.

12. Med si kraft har han rørt havet opp,med sin klokskap knust Rahab.

13. Vinden hans blæs himmelen klår.Handa hans sårar den flyktande slangen.

14. Sjå, alt dette er berre randa av hans veg;det er som å høyra ei kviskring.Men når hans makt tornar, kven kan forstå det?