Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Høyr på meg

1. Men høyr på det eg seier, Job,lytt til orda mine.

2. Sjå, eg opnar gapet,tunga talar i munnen.

3. Eg talar av eit ærleg hjarte,leppene snakkar klårt om det eg veit.

4. Ånda frå Gud har laga meg,pusten frå Den veldige gjev meg liv.

5. Svar meg om du kan!Stå opp og legg fram di sak!

6. Sjå, for Gud er vi like,også eg er forma av leire.

7. Redsle for meg skal ikkje skremma deg,handa mi skal ikkje tyngja deg.

8. Du sa så eg høyrde det– klåre stod orda for meg:

9. «Eg er rein og utan synd,plettfri er eg, fri for skuld.

10. Men Gud har klagemål mot megog held meg for sin fiende.

11. Han set føtene mine i blokkaog vaktar på alle mine stigar.»

12. Eg svarar: «Der har du ikkje rett!For Gud er større enn menneske.»

13. Kvifor klagar du hanfor ikkje å svara på menneskeord?

14. Gud talar éin gong, så éin gong til,men folk merkar det ikkje.

15. I ein draum, eit syn om natta,når folk har falle i djup søvneller slumrar i senga,

16. opnar han øyra deiraog forseglar dei med formaning,

17. for at menneske skal halda opp med det dei gjer,og mannens hovmod bli borte.

18. Gud vil redda han frå å gå i grav,berga livet hans frå sverdet.

19. Mannen blir tukta med smerter på sitt leie,med ein stadig kamp i knoklane.

20. Mat byd han imot,han orkar ikkje lekre retter.

21. Kjøtet tærest bort så ein ikkje ser det.Knoklane, som ein før ikkje såg, ligg berre.

22. Livet hans går mot grava,han nærmar seg dei som drep.

23. Er det då ein engel hos han,ein talsmann mellom tusen,som kan seia mennesket kva som er rett,

24. så er han nådig og seier:«Fri han frå å gå i grav!Eg har fått løysepengar.»

25. Så blir kroppen sterkare enn då han var ung,han får ungdomens dagar tilbake.

26. Han bed til Gud, som gleder seg over han,med fryd ser han Guds andlet,han som lèt mennesket få att si rettferd.

27. Han ser på menneska og seier:«Eg synda, eg krenkte retten,men han gjengjelde det ikkje.

28. Han fria meg frå å gå i grav.Eg lever og ser lyset.»

29. Sjå, alt dette gjer Gud for mennesket,både to og tre gonger.

30. Han fører det opp or gravatil strålande lys hos dei levande.

31. Høyr etter, Job, og lytt til meg!Ver stille, så eg kan få tala!

32. Har du noko å seia, så svar meg!Tal, eg gjev deg gjerne rett.

33. Men har du ikkje svar, så lytt!Ver stille, så skal eg læra deg visdom.