Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ingen er så uvørden at han vekkjer Leviatan.Kven kan då stå seg mot meg?

2. Kven gav meg noko først så eg skulle gje han noko att?Alt under himmelen tilhøyrer meg!

3. Eg vil ikkje teia om Leviatan,om styrken hans og den staselege skapnaden.

4. Kven kan riva av han skinneteller trengja inn i det doble panseret hans?

5. Kven kan opna gapet på han?Det står skrekk av tanngarden hans!

6. Langs ryggen går rekkjer av skjold,lukka tett som med segl.

7. Det eine ligg inntil det andre,ikkje ein pust kjem inn mellom dei.

8. Skjolda heng fast i hop,grip inn i kvarandre og kan ikkje skiljast.

9. Lys strålar fram når han nys,auga hans er som morgonròden.

10. Frå gapet hans går logar av eld,gneistar sprutar fram.

11. Røyk kjem frå naseborenesom frå ei kokande gryte over brennande siv.

12. Pusten hans set kol i brann,ein flamme står ut or gapet.

13. Styrke har han i nakken.Redsle hoppar framfor han.

14. Kjøtvalkane er faste,dei sit som støypte, dissar ikkje.

15. Hjartet hans er fast som stein,fast som den nedste kvernsteinen.

16. Når han reiser seg, grøssar gudane,dei er lamma av redsle.

17. Om sverdet treffer, bit det ikkje på han,og heller ikkje kastevåpen, spyd eller pil.

18. Han aktar jern som var det stråog bronse som morkna tre.

19. Inga pil frå bogen kan jaga han.Stein frå slyngja er som halmstrå mot han.

20. Som halmstrå reknar han også klubba,og han ler mot susande sablar.

21. Under er han som kvasse potteskar,han set spor som ein treskjeslede i gjørme.

22. Han set djupet i kok som ei gryte,lèt havet bobla som salve i gryta.

23. Bak han ligg lyset som ein stig,som om havdjupet hadde fått sølvhår.

24. Ingen på jorda er som han,skapt heilt utan frykt.

25. Han set blikket i alt som er høgt,han er konge over alle stolte rovdyr.