Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Israelittane går over Jordan

1. Morgonen etter stod Josva tidleg opp. Han tok ut frå Sjittim med alle israelittane, og dei kom til Jordan. Der var dei om natta før dei sette over elva.

2. Då tre dagar var lidne, gjekk tilsynsmennene gjennom leiren

3. og sa til folket: «Når de ser paktkista åt Herren dykkar Gud, og levittprestane som ber kista, skal de fara av stad og fylgja etter henne.

4. Så kan de vita kva veg de skal ta. For den vegen har de ikkje fare før. Men mellom dykk og paktkista må det vera eit godt stykke, to tusen alner på lag. Kom henne ikkje for nær!»

5. Så sa Josva til folket: «Helga dykk no! For i morgon vil Herren gjera underfulle ting mellom dykk.»

6. Og til prestane sa han: «Ta paktkista og far fram føre folket!» Då tok dei paktkista og gjekk føre folket.

7. Herren sa til Josva: «Frå i dag vil eg gjera deg stor framfor augo på heile Israel. Dei skal skjøna at eg er med deg, liksom eg var med Moses.

8. Sei no til prestane som ber paktkista, at dei skal verta ståande på elvebakken når dei kjem ned til Jordan.»

9. Då sa Josva til israelittane: «Kom hit og høyr orda frå Herren dykkar Gud!

10. Dette, sa han, skal de ha til teikn på at den levande Gud er midt imellom dykk, og at han skal driva bort for dykk både kanaanearane og hetittane, hevittane, perisittane, girgasjittane, amorittane og jebusittane:

11. Paktkista åt han som er herre over heile jorda, skal fara føre dykk ut i Jordan.

12. Vel no ut tolv menn av Israels-ættene, ein frå kvar ætt.

13. Når så prestane som ber paktkista åt han som er herre over heile jorda, set føtene i Jordan-vatnet, skal vatnet i elva renna bort, og det som kjem ovanfrå, skal stå som ein voll.»

14. Så tok folket ut frå telta sine og skulle gå over Jordan, og prestane som bar paktkista, gjekk føre dei.

15. Då desse prestane var komne ned til Jordan og så vidt hadde sett føtene i vatnet – i heile skurdtida er Jordan så stor at ho går over breddene alle stader –

16. då stansa det vatnet som kom ovanfrå, og stod som ein voll langt borte, oppmed Adam, den byen som ligg i nærleiken av Saretan. Og det som rann nedover til Araba-sjøen, det er Saltsjøen, vart heilt borte. Så gjekk folket over elva midt for Jeriko.

17. Men prestane som bar Herrens paktkiste, vart ståande på turre botnen midt i Jordan, medan alle israelittane gjekk turrskodde over elva. Såleis stod dei til heile folket var kome vel over Jordan.