Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Levittbyane

1. Ættehovdingane åt levittane kom til presten Elasar, til Josva Nunsson og ættehovdingane åt dei andre israelittane

2. og tala såleis til dei i Sjilo i Kanaan: «Gjennom Moses sa Herren frå at vi skulle få byar til å bu i, med beitemarker ikring for feet vårt.»

3. Då gjorde israelittane som Herren hadde sagt. Av sitt eige land gav dei levittane desse byane med beitemarker ikring:

4. Fyrst fall loddet på Kehat-ættene. Dei levittane som var ætta frå Aron, presten, fekk tretten byar hjå Juda-, Simeons- og Benjamins-ættene.

5. Dei andre Kehat-ættene fekk ved loddkasting ti byar frå Efraims- og Dans-ættene og halve Manasse-ætta.

6. Gersjon-ættene fekk ved loddkasting tretten byar frå Jissakars-, Asjers- og Naftali-ættene og frå den halvparten av Manasse-ætta som budde i Basan.

7. Merari-ættene fekk tolv byar frå Rubens-, Gads- og Sebulons-ættene.

8. Desse byane med beitemarkene som høyrde til, gav israelittane til levittane ved loddkasting, så som Herren hadde sagt gjennom Moses.

9. Frå Juda- og Simeons-ættene gav dei desse byane som no skal nemnast.

10. Det var dei etterkomarane etter Aron som høyrde Kehat-ættene til og var levittar, som fekk dei. For loddet fall fyrst på dei.

11. Dei fekk Kirjat-Arba, den byen i Juda-fjella som heitte etter ættefaren til anakittane, og som vi no kallar Hebron, med beitemarkene rundt ikring.

12. Men bymarka og landsbyane som høyrde til, gav dei Kaleb Jefunneson til odel og eige.

13. Dei som var ætta frå Aron, presten, fekk desse byane: Hebron, som var fristad for drapsmenn, og Libna,

14. Jattir, Esjtemoa,

15. Holon, Debir,

16. Ajin, Jutta og Bet-Sjemesj. Frå desse to ættene var det ni byar med beitemarkene som høyrde til.

17. Frå Benjamins-ætta fekk dei Gibeon, Geba,

18. Anatot og Almon, fire byar med beitemarkene som høyrde til.

19. Såleis fekk Arons-sønene, prestane, i alt tretten byar med beitemarker attåt.

20. Dei andre levittane som høyrde Kehat-ættene til, fekk ved loddkasting nokre byar frå Efraims-ætta.

21. Dei fekk Sikem i Efraims-fjella, som var fristad for drapsmenn, og Geser,

22. Kibsajim og Bet-Horon, fire byar med beitemarkene som høyrde til.

23. Frå Dans-ætta fekk dei Elteke, Gibbeton,

24. Ajjalon og Gat-Rimmon, fire byar med beitemarkene som høyrde til.

25. Frå den eine halvparten av Manasse-ætta fekk dei Ta’anak og Jibleam, to byar med beitemarkene som høyrde til.

26. Det var i alt ti byar med beitemarker attåt som dei andre Kehat-ættene fekk.

27. Dei levittane som høyrde Gersjon-ættene til, fekk frå den andre halvparten av Manasse-ætta Galon i Basan, som var fristad for drapsmenn, og Be’esjtera, to byar med beitemarkene som høyrde til.

28. Frå Jissakars-ætta fekk dei Kisjon, Daberat,

29. Jarmut og En-Gannim, fire byar med beitemarkene som høyrde til.

30. Frå Asjers-ætta fekk dei Misjal, Abdon,

31. Helkat og Rehob, fire byar med beitemarkene som høyrde til.

32. Frå Naftali-ætta fekk dei Kedesj i Galilea, som var fristad for drapsmenn, og Hammat-Dor og Kartan, tre byar med beitemarkene som høyrde til.

33. Såleis fekk Gersjon-sønene og ættgreinene deira tretten byar med beitemarker attåt.

34. Dei andre levittane, Merari-sønene og ættgreinene deira, fekk desse byane: frå Sebulons-ætta Jokneam, Karta,

35. Dimna og Nahalal, fire byar med beitemarkene som høyrde til;

36. frå Rubens-ætta Beser, Jahsa,

37. Kedemot og Mefa’at, fire byar med beitemarker;

38. frå Gads-ætta Ramot i Gilead, som var fristad for drapsmenn, og Mahanajim,

39. Hesjbon og Jaser, fire byar med beitemarker.

40. Såleis fekk dei andre levittane, Merari-sønene, i alt tolv byar ved loddkasting.

41. Til saman fekk levittane i odelslandet åt israelittane førtiåtte byar med beitemarker.

42. Desse byane hadde kvar sine beitemarker ikring seg; så var det med dei alle.

Gud held lovnaden sin

43. Såleis gav Herren Israel heile det landet som han med eid hadde lova å gje fedrane deira. Og dei eigna det til seg og busette seg der.

44. Herren lét dei få fred på alle kantar, som han hadde lova fedrane deira. Ingen av fiendane kunne stå seg mot dei; for Herren gav alle fiendar i deira hand.

45. Ikkje eit einaste av alle dei gode orda som Herren hadde tala til Israels-ætta, vart om inkje. Alt gjekk som han hadde sagt.