Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Josva vert leiar

1. Då Moses, Herrens tenar, var død, sa Herren til medhjelparen hans, Josva Nunsson:

2. Moses, tenaren min, er død. Gjer deg no ferdig til å fara over Jordan, du og heile dette folket, inn i det landet som eg vil gje israelittane.

3. Kvar stad de set foten på, gjev eg dykk, så som eg lova Moses.

4. Landet frå øydemarka og Libanon til Storelva, Eufrat, heile hetittlandet til Storhavet i vest, skal høyra dykk til.

5. Så lenge du lever, skal ingen kunna stå seg mot deg. Eg vil vera med deg, liksom eg var med Moses. Aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.

6. Ver djerv og sterk! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei.

7. Ver berre djerv og sterk, og legg vinn på å leva etter heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje av frå den, korkje til høgre eller venstre. Då skal du ha lukke med deg i all di ferd.

8. Ha alltid denne lova på tunga, og grunda på henne dag og natt, så du legg vinn på å leva etter alt det som står skrive i lovboka. Då skal du ha hell med deg der du ferdast, og det skal gå deg vel.

9. Eg har då sagt deg: Ver djerv og sterk! Lat deg ikkje skræma, og miss ikkje motet! For Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre.

10. Då gav Josva tilsynsmennene i folket dette påbodet:

11. «Gå gjennom leiren og sei til folket: No må de laga til ferdakost. For om tre dagar skal de fara over Jordan og inn i det landet Herren dykkar Gud vil gje dykk, og leggja det under dykk.»

12. Til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta sa Josva:

13. «Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, baud dykk då han sa: Herren dykkar Gud vil at de skal koma til ro; difor gjev han dykk dette landet.

14. Konene og borna og buskapen skal vera att i det landet Moses har gjeve dykk austanfor Jordan. Men alle våpenføre menn mellom dykk lyt fara fullt budde føre landsmennene sine og hjelpa dei i striden.

15. Fyrst når Herren har late dei koma til ro liksom de, og dei har lagt under seg det landet Herren dykkar Gud vil gje dei, skal de fara heim att og ta dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, har gjeve dykk her på austsida av Jordan.»

16. Då svara dei Josva: «Alt det du har sagt oss, skal vi gjera, og kvar du sender oss, skal vi gå.

17. Liksom vi lydde Moses i alle ting, såleis vil vi lyda deg òg. Gjev Herren din Gud må vera med deg, liksom han var med Moses.

18. Kvar den som set seg opp mot deg og ikkje lyder deg, kva du så byd han, han skal døy. Ver berre djerv og sterk!»