Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dei kongane som israelittane vann over

1. Dei kongane austanfor Jordan som israelittane vann over og tok landet frå mellom Arnon-elva og Hermon-fjellet, på heile austsida av Jordan,

2. det var fyrst amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon. Han rådde over landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, frå midt i elva, og over halve Gilead til Jabbok-elva, som er grensa mot ammonittane.

3. Han rådde òg over austsida av Jordan-dalen, opp til Gennesaret-sjøen og ned til Araba-sjøen – eller Saltsjøen – bort imot Bet-Jesjimot, og sør under Pisga-liene.

4. Så var det landet til Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av refaittane. Han budde i Asjtarot og Edre’i

5. og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og ma’akatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon.

6. Desse kongane hadde Moses, Herrens tenar, og israelittane vunne over, og Moses hadde late Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta få landet deira til odel og eige.

7. No hadde Josva og israelittane vunne over kongane i landet vestanfor Jordan, frå Ba’al-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se’ir. Dette landet gav Josva Israels-ættene til eigedom, så kvar ætt fekk sin del:

8. i fjellbygdene, Sjefela og Jordan-dalen, i liene, øydemarka og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane.

9. Dette er dei kongane som Josva vann over: kongen i Jeriko, ein, kongen i Ai ved Betel, ein,

10. kongen i Jerusalem, ein, kongen i Hebron, ein,

11. kongen i Jarmut, ein, kongen i Lakisj, ein,

12. kongen i Eglon, ein, kongen i Geser, ein,

13. kongen i Debir, ein, kongen i Geder, ein,

14. kongen i Horma, ein, kongen i Arad, ein,

15. kongen i Libna, ein, kongen i Adullam, ein,

16. kongen i Makkeda, ein, kongen i Betel, ein,

17. kongen i Tappuah, ein, kongen i Hefer, ein,

18. kongen i Afek, ein, kongen i Saron, ein,

19. kongen i Madon, ein, kongen i Hasor, ein,

20. kongen i Sjimron-Meron, ein, kongen i Aksjaf, ein,

21. kongen i Ta’anak, ein, kongen i Megiddo, ein,

22. kongen i Kedesj, ein, kongen i Jokneam ved Karmel, ein,

23. kongen i Dor på Dor-høgda, ein, kongen over folka i Galilea, ein,

24. kongen i Tirsa, ein, i alt trettiein kongar.