Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Manasse

1. Manasse var eldste son til Josef. Difor fekk ætta hans òg ein del av landet. Eldste son til Manasse var Makir, far til Gilead. Han var ein stor stridsmann; difor fekk han Gilead og Basan.

2. Dei andre Manasse-sønene fekk òg land, ætt for ætt: sønene til Abieser, Helek, Asriel, Sikem, Hefer og Sjemida. Det var etterkomarane etter Manasse, son til Josef, og ættgreinene deira på mannssida.

3. Men Hefer, son til Gilead og soneson til Makir, son til Manasse, hadde ein son som heitte Selofhad. Han hadde ingen søner, berre døtrer. Og døtrene heitte Makla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa.

4. Dei gjekk fram for presten Elasar, for Josva Nunsson og hovdingane og sa: «Herren sa til Moses at han skulle gje oss odelsjord saman med brørne våre.» Så fekk dei odelsjord saman med farbrørne sine, som Herren hadde sagt.

5. Såleis fall det ti partar på Manasse, forutan Gilead og Basan austanfor Jordan.

6. For døtrene til Manasse fekk odel saman med sønene hans. Gilead-landet hadde dei andre Manasse-sønene fått.

7. Landet åt Manasse nådde frå Asjer til Mikmetat, midt for Sikem. Derifrå gjekk grensa sørover til En-Tappuah-bygda.

8. Manasse fekk landet der, men Efraims-sønene fekk byen; han låg ved Manasses grense.

9. Så gjekk grensa ned til Kana-bekken. Byane på sørsida av bekken fekk Efraim, endå dei låg midt imellom Manasse-byane. Sidan gjekk grensa for Manasse på nordsida av bekken og enda utmed havet.

10. Efraim fekk det som var sønnanfor, og Manasse det som var nordanfor, og begge hadde havet til grense. I nord støytte dei mot Asjer og i aust mot Jissakar.

11. I Jissakar- og Asjer-landet fekk Manasse Bet-Sjean og småbyane der ikring, Jibleam og småbyane der ikring og Dor, En-Dor, Ta’anak og Megiddo med folket der og byane som låg ikring, alle dei tre høgdedraga.

12. Men Manasse-sønene greidde ikkje ta desse byane; det lukkast kanaanearane å halda seg der i landet.

13. Då israelittane vart sterkare, sette dei kanaanearane til å træla for seg, men dreiv dei ikkje ut.

Josefs-ætta får skogbygdene

14. Josefs-sønene kom til Josva og sa: «Kvifor har du berre gjeve oss éin del av landet til odel og eige? Vi er då eit stort folk, fordi Herren til dessa har velsigna oss.»

15. Då svara Josva: «Er de eit stort folk, så gå opp i skoglandet og ryd dykk jord der, i perisitt- og refaittlandet, sidan Efraims-landet er for trongt for dykk.»

16. Josefs-sønene sa: «Fjellbygda rekk ikkje til for oss, og alle kanaanearane nede i dalbygdene har jernvogner, både dei som bur i Bet-Sjean og i småbyane der ikring, og dei som bur på Jisre’el-sletta.»

17. Då sa Josva til Josefs-ætta, til Efraim og Manasse: «Mykje folk har du, og sterk er du. Du skal ikkje berre ha éin del,

18. men eit heilt fjell-land skal du få. Der er det skog, og den kan du hogga. Og landet skal vera ditt til ytste endane; for kanaanearane skal du driva ut, endå dei har jernvogner og er aldri så sterke.»