Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Akans synd og nederlaget ved Ai

1. Men israelittane fór ikkje ærleg fram med det bannlyste godset. Akan, son til Karmi, som var son til Sabdi og soneson til Serah av Juda-ætta, tok av det. Då vart Herren brennande harm på israelittane.

2. Frå Jeriko sende Josva nokre menn til Ai, som ligg tett attmed Bet-Aven, austanfor Betel. Han sa at dei skulle fara opp og speida i landet der. Så fór mennene opp og speida i Ai.

3. Då dei kom attende til Josva, sa dei til han: «Lat ikkje heile hæren fara dit opp! Send to – tre tusen mann, så tek dei Ai. Du treng ikkje bry alt folket med det; for dei er ikkje mange.»

4. Så drog om lag tre tusen mann av hæren dit. Men dei laut røma for mennene i Ai.

5. Fiendane slo i hel trettiseks av dei. Dei sette etter dei frå byporten heilt til steinbrota og hogg dei ned i bakkane der. Då miste israelittane motet; det kvarv som vatn.

6. Josva og dei eldste i Israel reiv sund kleda sine og kasta seg ned framfor Herrens kiste med andletet mot jorda. Såleis vart dei liggjande heilt til kvelds, og dei strøydde mold på hovuda sine.

7. Og Josva sa: «Å, Herre Gud! Kvifor førte du dette folket over Jordan? Var det fordi du ville gje oss i hendene på amorittane og la oss gå til grunne? Gjev vi hadde vorte verande på hi sida av Jordan!

8. Å, Herre! Kva skal eg seia no når Israel har mått røma for fienden?

9. Når kanaanearane og alle dei andre som bur her i landet, får høyra dette, kjem dei til å kringsetja oss og rydja namnet vårt ut frå jorda. Kva vil du då gjera for ditt store namn?»

10. Då sa Herren til Josva: Reis deg opp! Kvifor ligg du her med andletet mot jorda?

11. Israel har synda og brote den pakta eg baud dei å halda. Dei har teke av det som var bannlyst, stole det og gøymt det mellom sine eigne ting.

12. Difor kan ikkje israelittane stå seg mot fiendane, men må røma for dei; for dei er sjølve komne under bann. Skil de dykk ikkje av med det som er bannlyst, vil eg ikkje vera med dykk lenger.

13. Stå opp! Lat folket helga seg! Sei til dei at dei skal helga seg til i morgon. For så seier Herren, Israels Gud: Det finst bannlyst gods hjå deg, Israel. Du kan ikkje stå deg mot fiendane før de har kvitta dykk med det.

14. I morgon tidleg skal de stiga fram, ætt for ætt. Og den ætta Herren tek ut, skal stiga fram, grein for grein. Og den ættgreina Herren tek ut, skal stiga fram, huslyd for huslyd. Og den huslyden Herren tek ut, skal stiga fram, mann for mann.

15. Den som det bannlyste godset vert funne hjå, skal brennast med alt sitt. For han har brote Herrens pakt og gjort eit skjemdarverk i Israel.

16. Morgonen etter stod Josva tidleg opp og lét Israel stiga fram, ætt for ætt. Og Juda-ætta vart utteken.

17. Så lét han ættgreinene i Juda stiga fram, og Serah-greina vart utteken. Så lét han Serah-greina stiga fram, huslyd for huslyd, og Sabdis huslyd vart utteken.

18. Til sist lét han Sabdis huslyd stiga fram, mann for mann, og Akan vart utteken. Han var son til Karmi, som var son til Sabdi og soneson til Serah av Juda-ætta.

19. Då sa Josva til Akan: «Son min, gjev Herren, Israels Gud, ære og pris! Sei meg kva du har gjort, og døl ikkje noko for meg!»

20. Akan svara: «Det er sant. Eg har synda mot Herren, Israels Gud. No skal eg seia kva eg har gjort:

21. Mellom hærfanget såg eg ei fin babylonsk kappe, to hundre sekel sølv og ei gullstong som vog femti sekel. Dette fekk eg hug på, og så tok eg det. Det ligg nedgrave under teltet mitt; sølvet ligg underst.»

22. Då sende Josva nokre menn av stad. Dei sprang bort til teltet; der fann dei det nedgrave, og sølvet låg underst.

23. Dei tok det med seg frå teltet og bar det til Josva og alle israelittane og la det ned framfor Herrens åsyn.

24. Og Josva og heile Israel tok Akan av Serah-ætta, sølvet, kappa og gullstonga, sønene og døtrene hans, storfeet, esla og småfeet hans, teltet hans og alt det han elles åtte, og førte det opp til Akor-dalen.

25. Og Josva sa: «For ei ulukke du har ført over oss! I dag skal Herren føra ulukke over deg.» Så tok heile Israel og steina han. Og det som høyrde han til, brende eller steina dei.

26. Sidan kasta dei i hop ei stor steinrøys over han; og den har lege der til denne dag. Då gav Herren opp den brennande vreiden sin.Difor vart den staden kalla Akor-dalen, og det heiter han den dag i dag.