Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Utskiftinga av landet

1. Så kom heile Israels-lyden saman i Sjilo, og der sette dei opp møteteltet. For no hadde dei lagt landet under seg.

2. Men endå var det sju av Israels-ættene som ikkje hadde fått sin del av det.

3. Då sa Josva til israelittane: «Kor lenge vil de drya før de går av og tek det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, har gjeve dykk?

4. Vel ut tre mann av kvar ætt som eg kan senda i veg. Dei skal fara ikring i landet og skriva opp det dei ser, så vi kan vita korleis det skal delast. Sidan skal dei koma attende til meg.

5. Så skal dei dela landet i sju. Juda-ætta skal verta verande i det landet ho har fått der sør, og Josefs-ættene i sitt land her nord.

6. Men de skal setja opp ei liste over alt det som finst i dei sju landslutene og koma hit til meg med. Så skal eg kasta lodd for dykk for Herren vår Guds åsyn.

7. For levittane skal ikkje ha nokon del saman med dykk; Herrens prestedøme er deira arv. Og Gad og Ruben og halve Manasse-ætta har alt fått sitt land austanfor Jordan, det landet som Moses, Herrens tenar, gav dei.»

8. Så gjorde dei seg ferdige, dei mennene som skulle fara i veg og skriva opp det dei såg i landet, og Josva sa til dei: «Far ikring i landet og skriv opp alt de ser! Kom så attende til meg, så skal eg kasta lodd for dykk her for Herren vår Guds åsyn.»

9. Dermed tok mennene av stad og fór ikring i heile landet. Dei skreiv opp by for by i ei liste i sju bolkar. Så kom dei attende til Josva i leiren ved Sjilo.

10. Og Josva kasta lodd for dei der, for Herrens åsyn. Han skifte landet mellom israelittane; kvar ætt fekk sin del.

Benjamin

11. Det fyrste loddet fall på Benjamins-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, låg mellom Juda-sønene og Josefs-sønene.

12. Landegrensa deira på nordsida gjekk ut frå Jordan og oppover til åsen nordanfor Jeriko og så vestover fjellet fram til øydemarka ved Bet-Aven.

13. Derifrå heldt ho fram sørover mot Lus, til høgdedraget ved Lus, som no heiter Betel, og gjekk så ned til Atrot-Addar, over det fjellet som ligg sør for Nedre Bet-Horon.

14. Så svinga ho og gjekk sørover i ein boge på vestsida av fjellet sør for Bet-Horon, til ho enda i Kirjat-Ba’al, ein by som høyrer Juda til; no heiter han Kirjat-Jearim. Dette var vestgrensa.

15. På sørsida gjekk grensa frå utkanten av Kirjat-Jearim vestover til Neftoah-kjelda.

16. Så gjekk ho ned til foten av det fjellet som ligg midt for Hinnom-dalen, nordanfor Refa’im-dalen. Derifrå heldt ho fram gjennom Hinnom-dalen på sørsida av Jebusitt-åsen ned til Rogel-kjelda.

17. Der svinga ho mot nord, gjekk fram til Sjemesj-kjelda og til Gelilot, som ligg midt for Adummim-skaret, og så ned til Bohan-steinen, som heiter etter Bohan, son til Ruben.

18. Så gjekk ho nordover til høgdedraget ovanfor Jordan-dalen og ned i dalen.

19. Der heldt ho fram til Bet-Hogla-åsen og enda i den nørdste vika av Saltsjøen, attmed Jordan-osen. Dette var sørgrensa.

20. På austsida var Jordan skiljelina. Dette var det landet som Benjamins-sønene og ættgreinene deira fekk, med grensene kring det.

21. Byane som Benjamins-sønene og ættgreinene deira fekk, var: Jeriko, Bet-Hogla, Emek-Kesis,

22. Bet-Ha’araba, Semarajim, Betel,

23. Ha’avvim, Happara, Ofra,

24. Kefar-Ha’ammoni, Ha’ofni og Geba, tolv byar med landsbyar.

25. Så var det Gibeon, Rama, Be’erot,

26. Mispe, Hakkefira, Hammosa,

27. Rekem, Jirpe’el, Tarala,

28. Sela, Ha’elef og Jebus, som no heiter Jerusalem, Gibea og Kirjat-Jearim, fjorten byar med landsbyar. Dette var det landet Benjamins-sønene og ættgreinene deira fekk.