Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Josva vinn over fem amorittkongar

1. Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, fekk høyra at Josva hadde teke Ai og bannstøytt byen, og at han hadde gjort like eins med Ai og kongen der som med Jeriko og kongen der. Han fekk òg høyra at folket i Gibeon hadde gjort fred med israelittane og budde midt imellom dei.

2. Då vart han livande redd; for Gibeon var ein stor by, som ein kongestad, større enn Ai, og alle mennene der var djerve krigarar.

3. Så sende Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, bod til Hoham, kongen i Hebron, til Piram, kongen i Jarmut, til Jafia, kongen i Lakisj, og til Debir, kongen i Eglon, og sa:

4. «Kom opp og hjelp meg, så vi kan slå folket i Gibeon fordi dei har gjort fred med Josva og israelittane.»

5. Då kom dei saman desse fem amorittkongane og drog opp med hærane sine. Det var kongane i Jerusalem, Hebron, Jarmut, Lakisj og Eglon. Dei kringsette Gibeon og ville ta på byen.

6. Men folket i Gibeon sende bod til Josva i leiren ved Gilgal og sa: «Slå ikkje handa av trælane dine, men kom opp til oss så fort du kan! Hjelp oss og berga oss! For alle amorittkongane som bur i fjellbygdene, har slege seg i hop mot oss.»

7. Så tok Josva ut frå Gilgal med heile hæren, alle dei djerve krigarane sine.

8. Og Herren sa til han: «Ver ikkje redd amorittkongane! Eg gjev dei i dine hender. Ikkje ein av dei skal kunna stå seg mot deg.»

9. Josva kom brått over dei, etter at han hadde vore på vegen frå Gilgal heile natta.

10. Og Herren sette slik støkk i dei då israelittane kom, at dei leid eit stort nederlag ved Gibeon. Sidan forfylgde Josva dei på vegen som ber opp til Bet-Horon, heilt til Aseka og Makkeda, og hogg dei ned.

11. Som dei rømde for israelittane og var komne til bakken ved Bet-Horon, sende Herren store hagl ned over dei frå himmelen, så dei fall døde til jorda bortetter heile vegen til Aseka. Dei som sette livet til i haglskura, var fleire enn dei som israelittane drap med sverd.

12. Den gongen ropa Josva til Herren, då Herren gav amorittane i Israels vald. Han sa så heile Israel høyrde det:«Stå still, du sol, i Gibeon,dryg, du måne, i Ajjalons dal!»

13. Og sola stod still, ¬og månen stoggatil folket fekk hemn ¬over sine fiendar. Så står det skrive i «Boka åt den rettvise». Sola vart ståande midt på himmelen og drygde mest ein heil dag før ho gjekk ned.

14. Aldri, anten før eller sidan, har det vore ein dag som denne, då Herren bønhøyrde ein mann såleis. For Herren stridde for Israel.

15. Så fór Josva og heile Israel med han attende til leiren ved Gilgal.

16. Men dei fem kongane rømde og gøymde seg i hola bortmed Makkeda.

17. Då Josva fekk melding om at dei fem kongane var funne, og at dei hadde gøymt seg i hola bortmed Makkeda,

18. sa han: «Velt store steinar framfor inngangen til hola og set nokre menn til å halda vakt der!

19. Men sjølve må de ikkje stansa. Set etter fiendane og hogg ned dei som er attarst i flokken. Lat dei ikkje få koma inn i byane sine! For Herren dykkar Gud har gjeve dei i dykkar hender.»

20. Josva og israelittane knuste fiendane og gjorde reint ende på dei. Berre nokre få slapp unna og berga seg inn i festningsbyane.

21. Då slaget var over, kom heile hæren uskadd attende til Josva i leiren ved Makkeda. Og det fanst ingen som torde kny mot israelittane.

22. Då sa Josva: «Ta bort steinane som ligg framfor inngangen til hola, og før dei fem kongane ut til meg!»

23. Så vart gjort; dei førte dei fem kongane ut til han frå hola: kongen i Jerusalem, kongen i Hebron, kongen i Jarmut, kongen i Lakisj og kongen i Eglon.

24. Då dei hadde ført kongane ut til Josva, kalla han saman alle Israels-mennene og sa til hærførarane som hadde fylgt han i striden: «Kom hit og set foten på nakken åt desse kongane!» Då gjekk dei fram og sette foten på nakken deira.

25. Og Josva sa til dei: «Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Ver djerve og sterke! For såleis vil Herren gjera med alle fiendar de kjem i strid med.»

26. Så hogg Josva dei ned. Han drap dei og hengde dei opp i fem tre, og der vart dei hangande til kvelds.

27. Men då sola gladde, lét Josva mennene sine ta dei ned or trea og kasta dei inn i den hola dei hadde gøymt seg i. Framfor inngangen til hola la dei store steinar, og dei ligg der den dag i dag.

Israel tek land i sør

28. Same dagen tok Josva Makkeda og øydde byen med odd og egg. Han bannstøytte både kongen og kvart levande liv som der fanst; ingen vart att, og ingen slapp unna. Med kongen i Makkeda gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.

29. Frå Makkeda fór Josva med heile Israel til Libna. Han tok på byen,

30. og Herren gav både Libna og kongen der i Israels hender. Josva øydde byen med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der; ingen vart att, og ingen slapp unna. Med kongen gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.

31. Frå Libna fór Josva med heile Israel til Lakisj. Han kringsette byen og tok på han.

32. Og Herren gav Lakisj i hendene på israelittane. Alt andre dagen tok dei byen. Dei øydde han med odd og egg og tynte kvart liv som fanst der, som dei hadde gjort i Libna.

33. Då kom Haros, kongen i Geser, opp og ville hjelpa Lakisj. Men Josva hogg ned både han og mennene hans; ingen vart att, og ingen slapp unna.

34. Frå Lakisj fór Josva med heile Israel til Eglon. Dei kringsette byen og gjekk til åtak på han.

35. Same dagen tok dei han og øydde han med odd og egg. Den dagen bannstøytte dei kvart liv som fanst der, som dei hadde gjort i Lakisj.

36. Frå Eglon fór Josva med heile Israel til Hebron. Dei stridde mot byen

37. og tok han. Med odd og egg øydde dei både byen og bygdene rundt ikring og tynte kongen og kvart liv som fanst der; ingen vart att, og ingen slapp unna. Dei fór i alle måtar fram som dei hadde gjort med Eglon. Dei bannstøytte byen og kvart liv som der var.

38. Sidan vende Josva og heile Israel seg mot Debir. Dei stridde mot byen

39. og tok både den og kongen som budde der, og alle byane ikring. Dei øydde alt med odd og egg og bannstøytte kvart liv som fanst i byen; ingen vart att, og ingen slapp unna. Josva gjorde like eins med Debir og kongen der som han hadde gjort med Hebron og med Libna og kongen der.

40. Såleis tok Josva heile landet, både fjellbygdene, Negev, Sjefela og liene. Han slo alle kongane som budde der, og lét ingen vera att eller sleppa unna. Kvart levande liv bannstøytte han, som Herren, Israels Gud, hadde sagt han føre.

41. Josva tok alt landet mellom Kadesj-Barnea og Gasa og heile Gosen-landet til Gibeon.

42. Han slo alle kongane der og tok landet deira på ein gong. For Herren, Israels Gud, stridde for Israel.

43. Så fór Josva med heile Israel attende til leiren ved Gilgal.