Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Land som endå ikkje var teke

1. Då Josva var gamal og langt oppi åra, sa Herren til han: «No er du gamal og tilårskomen. Men enno er det mykje land å ta.

2. Det som står att, er: alle filistarbygdene og heile gesjurittlandet,

3. frå Sjikor-elva austanfor Egypt til Ekrons grense i nord. Dette vert rekna for kanaaneisk land og tilhøyrer dei fem filistarfyrstane i Gasa, Asjdod, Asjkalon, Gat og Ekron. Så er det landet åt avittane

4. i sør og heile kanaanearlandet og Meara, som tilhøyrer fønikarane, til Afek, til grensa mot amorittlandet;

5. vidare gebalittlandet og heile Libanon austover frå Ba’al-Gad nedunder Hermon-fjellet til Lebo-Hamat.

6. Alle som bur i fjellbygdene, frå Libanon til Misrefot-Majim, alle fønikarane, vil eg driva ut for israelittane. Kast berre lodd og lat israelittane få dette landet til odel og eige, som eg har sagt deg.

7. Skift det ut til dei ni ættene og den eine halvparten av Manasse-ætta!»

Landet austanfor Jordan

8. Saman med den andre halvparten av Manasse hadde Ruben og Gad fått odelslandet sitt, det som Moses gav dei på austsida av Jordan. Dette hadde Moses, Herrens tenar, gjeve dei:

9. landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, byen midt i dalen og heile høgsletta frå Medeba til Dibon,

10. alle byane åt amorittkongen Sihon, han som styrte i Hesjbon, heilt til grensa mot ammonittane,

11. og så Gilead, landet åt gesjurittane og ma’akatittane, heile Hermon-fjellet og Basan radt til Salka,

12. heile riket åt Og i Basan, han som styrte i Asjtarot og Edre’i. Han var den siste som var att av refaittane, som Moses hadde slege og drive ut or landet.

13. Men israelittane dreiv ikkje ut gesjurittane og ma’akatittane. Dei har butt i Israel til denne dag.

14. Det var berre Levi-ætta Moses ikkje gav noko odelsland. Eldoffera åt Herren, Israels Gud, er deira odel, som han hadde lova dei.

15. Fyrst lét Moses Rubens-sønene få sin del, ætt for ætt.

16. Dei fekk landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, og byen midt i dalen, heile høgsletta til Medeba,

17. Hesjbon og alle byane på sletta: Dibon, Bamot-Ba’al, Bet-Ba’al-Meon,

18. Jahsa, Kedemot, Mefa’at,

19. Kirjatajim, Sibma, Seret-Hasjahar på fjellet i dalen,

20. Bet-Peor, Pisga-liene og Bet-Jesjimot,

21. og alle dei andre byane på høgsletta, heile riket åt amorittkongen Sihon, som styrte i Hesjbon. Moses slo både han og midjanitthovdingane Evi, Rekem, Sjur, Hur og Reba, fyrstar som stod under Sihon og budde der i landet.

22. Mellom dei falne var òg Bileam Beorsson, spåmannen som israelittane drap med sverd.

23. Jordan var grensa for landet åt Rubens-sønene. Dette var det landet Rubens-sønene fekk, ætt for ætt, til odel og eige med dei byar og landsbyar som høyrde til.

24. Så lét Moses Gads-ætta, Gads-sønene, få sin del, ætt for ætt.

25. Det dei fekk, var Jaser, alle byane i Gilead og halvparten av ammonittlandet heilt til Aroer, som ligg midt for Rabba.

26. Landet deira nådde frå Hesjbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahanajim til Debir-bygda.

27. Nede i dalen fekk dei Bet-Haram, Bet-Nimra, Sukkot og Safon, det som var att av riket åt Sihon, kongen i Hesjbon. Alt dette låg på austsida av Jordan, og grensa fylgde Jordan heilt opp til sørenden av Gennesaret-sjøen.

28. Dette var det landet Gads-sønene fekk, ætt for ætt, til odel og eige med byar og landsbyar.

29. Så lét Moses halve Manasse-ætta, halvparten av Manasse-sønene, få sin del, ættgrein for ættgrein.

30. Dei fekk landet frå Mahanajim og nordover, heile riket åt Og, kongen i Basan, og alle teltbyane åt Ja’ir i Basan, seksti byar,

31. og halve Gilead og Asjtarot og Edre’i, kongsbyane åt Og i Basan. Alt dette fekk halvparten av Manasse-sønene, etterkomarane etter Makir, son til Manasse, ætt for ætt.

32. Dette var det landet Moses skifte ut medan dei var på Moab-slettene austanfor Jordan, midt for Jeriko.

33. Men Levi-ætta gav han ikkje noko odelsland. Herren, Israels Gud, er deira odel, så som han hadde lova dei.