Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Alle amorittkongane vestanfor Jordan og alle kanaanearkongane utmed havet miste reint motet då dei høyrde at Herren hadde turka ut Jordan for israelittane medan dei gjekk over, og dei torde ikkje møta israelittane.

Omskjering og påskehøgtid i Gilgal

2. På den tid sa Herren til Josva: «Lag deg nokre steinknivar og omskjer israelittane att!»

3. Då laga Josva seg steinknivar og omskar israelittane attmed Ha’aralot-haugen.

4. Men at han laut omskjera dei, det hadde seg så: Alt folket som fór frå Egypt, alle menn som då var våpenføre, hadde døytt i øydemarka på vegen frå Egypt.

5. No var alle dei som fór frå Egypt, omskorne, men av dei som vart fødde på ferda i øydemarka, var ingen omskoren.

6. I førti år hadde israelittane ferdast i øydemarka, til dess alle våpenføre menn som fór frå Egypt, hadde døytt. Dei ville ikkje lyda Herrens ord. Difor svor Herren at dei ikkje skulle få sjå det landet han hadde lova fedrane deira å gje oss, eit land som fløymer med mjølk og honning.

7. Men sønene deira, som han hadde late veksa opp i deira stad, dei var det Josva omskar. For dei gjekk med førehud, av di dei ikkje hadde vorte omskorne på ferda.

8. Då så heile folket var omskore, heldt dei seg i ro i leiren til såra hadde grott.

9. Og Herren sa til Josva: «I dag har eg velt av dykk vanæra frå Egypt.» Difor vart den staden kalla Gilgal, og det har han heitt til denne dag.

10. Medan israelittane låg i leir attmed Gilgal, heldt dei påske der på Jeriko-moane, om kvelden den fjortande dagen i månaden.

11. Og dagen etter åt dei av landsens grøde; usyrt brød og steikt korn åt dei den dagen.

12. Frå den tid vart det slutt på mannaen. No kunne israelittane eta av landsens grøde, og dei fekk ikkje meir manna. Alt same året tok dei til å eta av det som var avla i Kanaan.

Mannen med sverdet

13. Ein gong medan Josva var bortmed Jeriko, hende dette: Best han såg opp, fekk han auga på ein mann som stod beint framføre han med eit drege sverd i handa. Då gjekk Josva bort til han og spurde: «Er du av våre folk, eller høyrer du fienden til?»

14. Mannen svara: «Nei, eg er hovdingen over Herrens hær. No er eg komen.» Då fall Josva på kne, bøygde seg til jorda og sa: «Kva har herren min å seia tenaren sin?»

15. Hovdingen over Herrens hær svara: «Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag.» Og Josva gjorde så.