Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Josva talar til folket

1. Så gjekk det ei lang tid etter at Herren hadde late Israel få ro for alle fiendar rundt ikring. Josva var gamal og langt oppi åra.

2. Han kalla saman heile Israel, dei eldste, hovdingane, domarane og tilsynsmennene og sa til dei:No er eg gamal og langt oppi åra.

3. De har sjølve sett alt det Herren dykkar Gud har gjort mot desse folkeslaga beint framfor augo dykkar. For det var Herren dykkar Gud som stridde for dykk.

4. Sjå, landet åt dei folka som enno er att her, har eg ved loddkasting gjeve dykk til odel og eige, og like eins landet åt alle dei folka som eg har rudt ut, frå Jordan til Storhavet i vest.

5. Herren dykkar Gud skal sjølv jaga bort desse folka og driva dei ut for dykk, så de kan ta landet deira i eige, så som Herren dykkar Gud har lova.

6. Så ver då sterke og faste! Legg vinn på å leva etter alt det som står skrive i lovboka åt Moses. Vik aldri av frå det, korkje til høgre eller venstre!

7. Gjev dykk ikkje i lag med desse folka, dei som enno er att hjå dykk. Ta ikkje namnet åt gudane deira på tunga! Sver ikkje ved dei, dyrk dei ikkje og bøy dykk ikkje og tilbed dei!

8. Men hald fast ved Herren dykkar Gud, som de har gjort til denne dag.

9. Difor har Herren drive store og sterke folkeslag ut for dykk, og ingen har til denne dag kunna stå seg mot dykk.

10. Ein einaste av dykk kunne jaga tusen. For det var Herren dykkar Gud som stridde for dykk, som han hadde lova.

11. Så ta dykk vel i vare, så sant de har livet kjært, og elska Herren dykkar Gud!

12. For vender de dykk bort frå han og held dykk til dei folkeslaga som enno er att hjå dykk, gifter born i hop og har anna samkvem med dei,

13. då skal de vita at Herren dykkar Gud aldri vil driva desse folka ut for dykk. Men dei skal verta til ei snare og ei felle for dykk, til ei svepe over ryggen og til tornar i augo dykkar, til dess de vert utrudde or dette gode landet som Herren dykkar Gud har gjeve dykk.

14. No fer eg snart den vegen som alt her på jorda må fara. Kom då i hug og lat det aldri gå dykk or minne at ikkje eit einaste av alle dei gode orda som Herren har tala til dykk, har vorte om inkje. Alt gjekk som han hadde sagt; ikkje eit ord vart om inkje.

15. Men liksom de har fått alt det gode som Herren dykkar Gud lova dykk, såleis skal Herren la alt det vonde han truga med, koma over dykk, til han har rudt dykk ut or dette gode landet som han har gjeve dykk.

16. Bryt de pakta som Herren dykkar Gud gjorde med dykk, går de av og dyrkar andre gudar og kastar dykk ned for dei, då skal Herrens vreide loga mot dykk; og snart skal de måtta bort frå det gode landet han har gjeve dykk.