Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dronninga av Saba gjestar Salomo

1. Då dronninga av Saba fekk høyra gjetordet om Salomo, kom ho og ville prøva han med gåter. Ho kom til Jerusalem med eit stort fylgje, og med kamelar som bar krydder, ei mengd gull og dyre steinar. Då ho steig fram for Salomo, tala ho med han om alt som låg henne på hjarta.

2. Og Salomo gav henne svar på alt det ho spurde om. Det fanst ikkje den ting som var duld for kongen, så han ikkje kunne gje henne svar.

3. No såg ho det sjølv, Saba-dronninga, kor vis Salomo var. Og ho såg huset han hadde bygt,

4. rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, og skjenkjarsveinane og kleda deira, og troppa som førte opp til Herrens hus. Ho var reint frå seg av undring

5. og sa til kongen: «Så var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!

6. Eg ville ikkje tru det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne augo. Men no ser eg at dei ikkje har fortalt meg det halve om den store visdomen din. Du er større enn alt det eg har høyrt om deg.

7. Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane dine, som alltid får stå framfor deg og høyra visdomen din!

8. Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på sin kongsstol til å vera konge for Herren din Gud. Fordi din Gud har Israel kjært og vil halda det oppe til evig tid, har han sett deg til konge over dei, så du skal fremja rett og rettferd.»

9. Så gav ho kongen hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd med krydder og dyre steinar. Det har aldri funnest så mykje krydder i landet som det Saba-dronninga gav kong Salomo.

10. Elles hadde mennene til Hiram og Salomo, dei som henta gull frå Ofir, med seg sandeltre og dyre steinar derifrå.

11. Av sandeltreet fekk kongen laga tropper til Herrens hus og kongsgarden, og lyrer og harper til songarane. Noko slikt hadde aldri vore å sjå i Juda før.

12. Kong Salomo gav Saba-dronninga alt det ho hadde hug på og bad om, forutan det ho fekk fordi ho hadde hatt med seg gåver til kongen. Så tok ho av stad og fór heim att til landet sitt saman med tenarane sine.

Salomos rikdom

13. Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.

14. Til det kom avgiftene frå kjøpmenn og handelsmenn som førte inn varer. Alle arabarkongane og statthaldarane i landet kom òg med gull og sølv til Salomo.

15. Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sekel gull.

16. Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre hundre sekel gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.

17. Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull.

18. Kongsstolen hadde seks troppesteg og ein fotskammel av gull, som var fastgjord til han. På begge sider av setet var det stolarmar, og attmed stolarmane stod det to løver.

19. På dei seks troppestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Maken til kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.

20. Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alle reiskapane i Libanon-skoghuset var av fint gull. Sølv vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.

21. For kongen hadde skip som gjekk til Tarsis med nokre av mennene åt Hiram. Ein gong tredjekvart år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.

22. Kong Salomo var rikare og visare enn alle andre kongar på jorda.

23. Frå alle verdsens kantar kom det kongar og ville sjå han og høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjarta hans.

24. Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kledebunader, våpen, krydder, hestar og muldyr.

25. Salomo hadde fire tusen stallrom for hestar og stridsvogner og tolv tusen hestfolk. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem.

26. Han rådde over alle kongane frå Eufrat til Filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt.

27. Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela.

28. Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå alle andre land.

29. Det som elles er å seia om Salomo, frå fyrst til sist, det står skrive i boka åt profeten Natan, i profetiane åt Akia frå Sjilo og i synene åt sjåaren Iddo om Jeroboam Nebatsson.

30. I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel.

31. Så gjekk Salomo til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i byen åt David, far sin, og Rehabeam, son hans, vart konge etter han.