Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Rehabeam styrkjer kongedømet sitt

1. Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Juda-folket og Benjamins-ætta, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israel og vinna riket att for Rehabeam.

2. Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja, og det lydde så:

3. «Sei til Rehabeam, son til Salomo, kongen i Juda, og til alle israelittane i Juda og Benjamin:

4. Så seier Herren: De skal ikkje dra opp og strida mot brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde om og gjekk ikkje mot Jeroboam.

5. Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde mange av byane i Juda om til festningsbyar.

6. Såleis bygde han Betlehem, Etam, Tekoa,

7. Bet-Sur, Soko, Adullam,

8. Gat, Maresja, Sif,

9. Adorajim, Lakisj, Aseka,

10. Sora, Ajjalon og Hebron. Alle desse festningsbyane låg i Juda og Benjamin.

11. Han gjorde festningane sterke, sette inn kommandantar i dei og samla rikeleg med mat, olje og vin der.

12. I kvar by hadde han skjold og spyd. På den måten gjorde han dei svært sterke, så han kunne halda fast på Juda og Benjamin.

13. Prestane og levittane i heile Israel kom frå alle bygdene sine og gav seg under Rehabeam.

14. Levittane drog bort frå jordene og eigedomane sine og flytte til Juda og Jerusalem, fordi Jeroboam og sønene hans dreiv dei ut or prestetenesta for Herren.

15. Han sette inn andre prestar på offerhaugane, for bukkane og kalvane som han hadde laga.

16. Og med prestane og levittane fylgde det or alle Israels-ættene folk som la vinn på å søkja Herren, Israels Gud; dei kom til Jerusalem og ville ofra til Herren, sine fedrars Gud.

17. Dei styrkte kongedømet i Juda og trygde riket for Rehabeam, son til Salomo, i tre år. For så lenge fylgde dei i Davids og Salomos fotefar.

18. Rehabeam tok Mahalat til kone. Ho var dotter til Jerimot Davidsson og Abihajil, dotter til Eliab Isaison.

19. Med henne fekk han sønene Je’usj, Sjemarja og Saham.

20. Sidan tok han Ma’aka Absalomsdotter til kone. Med henne fekk han Abia, Attai, Sisa og Sjelomit.

21. Rehabeam heldt meir av Ma’aka, dotter til Absalom, enn av alle dei andre konene og fylgjekonene sine. For han hadde teke seg atten koner og seksti fylgjekoner og fekk tjueåtte søner og seksti døtrer.

22. Rehabeam sette Abia, son til Ma’aka, til hovding og førar mellom brørne; for han var meint på å gjera han til konge.

23. Men samstundes var han så klok at han lét alle sønene sine bu rundt ikring i heile Juda og Benjamin, i alle festningsbyane der. Han sytte for at dei hadde flust med mat og lét dei få mange koner.