Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jotams styre

1. Jotam var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok.

2. Jotam gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Ussia, far hans, hadde gjort, så nær som at han ikkje gjekk inn i Herrens tempel. Men folket heldt fram med å gjera det som vondt var.

3. Det var Jotam som bygde Øvre-porten i Herrens hus, og han arbeidde mykje på Ofel-muren.

4. Han bygde byar i Juda-fjella og sette opp borger og tårn i skogane.

5. Han førte krig mot ammonittane og kongen deira og vann over dei. Ammonittane laut gje han hundre talentar sølv, ti tusen kor kveite og ti tusen kor bygg det året. Det same laut dei gje han andre og tredje året.

6. Såleis vann Jotam stor makt, fordi han støtt ferdast for Herren sin Guds åsyn.

7. Det som elles er å seia om Jotam, om alle krigane hans og alt han tok seg føre, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane.

8. Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år.

9. Jotam gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Akas, son hans, vart konge etter han.