Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Josjafat, ein god konge i Juda

1. Etter Asa vart Josjafat, son hans, konge. Han freista å styrkja makta si mot Israel.

2. Han la hærflokkar i alle festningsbyane i Juda og sette vaktpostar både i Juda og i dei byane som Asa, far hans, hadde teke i Efraim.

3. Herren var med Josjafat, fordi han ferdast på dei vegane som David, ættefar hans, hadde fylgt i si fyrste tid. Han søkte ikkje råd hjå Ba’al-gudane,

4. men hjå Gud åt far sin. Han heldt seg etter boda hans og fór ikkje åt som dei gjorde i Israel.

5. Difor trygde Herren kongsmakta for Josjafat, og heile Juda kom til han med gåver, så han fekk stor rikdom og ære.

6. Og medan han gjekk på Herrens vegar, auka motet hans, og han sytte for å få bort offerhaugane og Asjera-pålane i Juda.

7. I det tredje styringsåret sitt sende Josjafat nokre av hovdingane sine ut for å læra folket i Juda-byane; det var Ben-Hajil, Obadja, Sakarja, Netanel og Mikaja.

8. Saman med dei sende han levittane Sjemaja, Netanja, Sebadja, Asael, Sjemiramot, Jonatan, Adonja, Tobia og Tob-Adonja og så prestane Elisjama og Joram.

9. Når dei lærte i Juda, hadde dei Herrens lovbok med seg. Såleis fór dei ikring i alle Juda-byane og lærte folket.

10. Då kom det ei redsle frå Herren over alle land og rike som låg kring Juda, så dei ikkje torde gå til strid mot Josjafat.

11. Nokre av filistarane kom til Josjafat med gåver og med sølv som dei gav i skatt. Arabarane òg kom til han og hadde med seg småfe, sju tusen sju hundre verar og sju tusen sju hundre bukkar.

12. Såleis fekk Josjafat større og større makt, og han bygde borger og opplagsbyar i Juda.

13. Han hadde store lager i Juda-byane og stridsmenn, djerve krigarar, i Jerusalem.

14. Her er ei liste over dei, ætt for ætt: Juda hadde desse tusenmannsførarane: Adna, som var førar for tre hundre tusen djerve krigarar;

15. jamsides han Johanan, som var førar for to hundre og åtti tusen;

16. og jamsides han Amasja, son til Sikri, som av fri vilje hadde gått i Herrens teneste med to hundre tusen djerve krigarar.

17. Frå Benjamin var det Eljada, ein djerv krigar, med to hundre tusen mann som var væpna med boge og skjold,

18. og jamsides han Josabad med hundre og åtti tusen stridsbudde menn.

19. Dette var dei mennene som gjorde teneste hjå kongen, forutan dei som kongen hadde lagt i festningsbyane rundt ikring i heile Juda.