Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kong Akasja og Atalja, mor hans

1. Sidan gjorde Jerusalemsbuane Akasja, yngste son hans Joram, til konge etter han. For alle dei eldre sønene hadde vorte drepne av ein herjeflokk som kom til leiren saman med arabarane. Såleis vart Akasja, son til Joram, konge i Juda.

2. Akasja var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Omri.

3. Akasja òg fór fram som kongane av Akabs-ætta. For mora, som gav han råd, forførte han til gudløyse.

4. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, på same vis som etterkomarane etter Akab. For då faren døydde, vart dei rådgjevarane hans, til skade for han sjølv.

5. Det var deira råd han fylgde då han saman med Joram Akabsson, Israels-kongen, gjorde ei hærferd mot Hasael, aramearkongen, og stridde mot han ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane.

6. Så fór han heim att til Jisre’el og ville få lækt dei såra han hadde fått ved Ramot då han stridde mot Hasael, aramearkongen. Og Akasja Joramsson, Juda-kongen, drog ned til Jisre’el og ville sjå om Joram, son til Akab, medan han låg sjuk.

7. Men det var Gud som ville at Akasja skulle gå til grunne; difor laga han det så at han kom til Joram. For då han var komen dit, drog han saman med Joram ut mot Jehu, son til Nimsji, som Herren hadde salva til å rydja ut Akabs ætt.

8. Og medan Jehu heldt på å setja i verk domen over Akabs-ætta, møtte han stormennene i Juda og brorsønene til Akasja, som var i teneste hjå kongen, og han drap dei.

9. Sidan leita han etter Akasja, og dei tok han i Samaria, der han hadde gøymt seg. Dei førte han til Jehu og drap han. Så gravla dei han; for dei sa: «Han er då ein etterkomar etter Josjafat, som søkte Herren av heile sitt hjarta.» No var det ingen att av Akasjas ætt som var før til å ta kongedømet.

10. Då Atalja, mor til Akasja, fekk vita at son hennar var død, sette ho seg føre å rydja ut heile kongsætta i Juda.

11. Men Josjabat, dotter til kongen, tok i løynd Joasj, son til Akasja, bort frå flokken av kongssøner som skulle drepast. Ho hadde han og fostermor hans inn i eit kammer. Der fekk Josjabat, syster til Akasja – ho var dotter til kong Joram og kona til presten Jojada – gøymt han for Atalja, så ho ikkje fekk drepe han.

12. Sidan var han hjå Josjabat i Guds hus. Han heldt seg løynd i seks år, medan Atalja styrte i landet.