Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Salomo førebur tempelbygginga

1. Salomo tenkte no på å byggja eit hus åt Herren og ein kongsgard åt seg sjølv.

2. Han tok ut sytti tusen mann til berarar, åtti tusen mann til å hogga stein i fjellet og tre tusen seks hundre til å ha tilsyn med arbeidsfolket.

3. Så sende Salomo bod til Hiram, kongen i Tyrus, og sa: «Gjer no det same for meg som du gjorde for David, far min, då du sende han sedertre, så han kunne byggja seg eit hus til å bu i.

4. No vil eg byggja eit hus for Herren min Gud og vigsla det til han, så vi kan brenna velluktande røykjelse for hans åsyn, dagleg leggja fram skodebrød og ofra brennoffer morgon og kveld på sabbatane, nymånedagane og høgtidene åt Herren vår Gud – det kviler for alle tider på Israel.

5. Og det huset eg vil byggja, skal vera stort; for vår Gud er større enn alle gudar.

6. Men kven maktar vel byggja eit hus for han? Himmelen, den høge himmel, rømer han ikkje. Kven er då eg? Kan eg byggja eit hus åt han? Det måtte vera til å bera fram offer i.

7. Så send meg då ein dugande handverkar som kan arbeida i gull og sølv, i bronse og jern, i purpurraud, karmosinraud og fiolett ull, ein som skjønar seg på treskjering. Han skal arbeida i lag med dei kunnige mennene som eg har her i Juda og Jerusalem, og som David, far min, sette til dette.

8. Og send meg sedertre, sypress- og sandeltre frå Libanon! For eg veit at mennene dine skjønar seg på å fella tre på Libanon; og mine folk skal arbeida saman med dine,

9. så eg kan få mykje tømmer. For det huset eg vil byggja, skal vera stort og staseleg.

10. Til livssopphald for mennene dine, tømmerhoggarane som feller trea, gjev eg tjue tusen kor kveite, tjue tusen kor bygg, tjue tusen bat vin og tjue tusen bat olje.»

11. Hiram, kongen i Tyrus, svara i eit brev som han sende til Salomo: «Det må vera fordi Herren har folket sitt kjært, at han har sett deg til konge over det.»

12. Og Hiram skreiv vidare: «Lova vere Herren, Israels Gud, han som skapte himmelen og jorda, fordi han har gjeve kong David ein vis son, som har slikt vit og skjøn at han kan byggja eit hus åt Herren og ein kongsgard åt seg sjølv.

13. No sender eg deg ein klok og kunnig mann, ein meister som er i mi teneste.

14. Han er son til ei kvinne av Dans-ætta, og far hans er frå Tyrus. Han skjønar seg på arbeid i gull og sølv, bronse og jern, stein og tre, i purpurraud og fiolett ull, lin og karmosinraud ull. Han kan òg skjera ut i tre og tenkja ut og laga alle dei kunstverk du set han til å gjera, saman med kunstnarane dine og kunstnarane åt David, far din, herren min.

15. No kan du, herre, senda tenarane dine kveiten og bygget, oljen og vinen som du har tala om.

16. Så skal vi hogga tømmer på Libanon, så mykje som du treng, og føra det i flåtar på sjøen til Jaffa. Sidan kan du sjølv syta for å få det opp til Jerusalem.»

17. Så tok Salomo tal på alle innflyttarane som budde i Israel – det var etter den teljinga som David, far hans, hadde halde. Då synte det seg at det var 153 600 mann.

18. Av dei tok han 70 000 til berarar, 80 000 til steinhoggarar i fjellet og 3 600 til formenn; dei skulle sjå etter at folka gjorde arbeidet sitt.