Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Utstyret til templet

1. Så laga Salomo eit altar av bronse. Det var tjue alner langt, tjue alner breitt og ti alner høgt.

2. Sidan laga han det støypte havet. Det mælte ti alner frå kant til kant og var heilt rundt. Høgda var fem alner, og det trongst ei snor på tretti alner om ho skulle nå rundt det.

3. Nedanfor kanten var det bilete av oksar rundt ikring. Dei gjekk rundt heile havet, ti på kvar alen. Det var to rader med oksar, og dei var støypte i eitt med havet.

4. Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei.

5. Sjølve karet var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit staup, på skap som ein lotusblom. Det tok tre tusen bat.

6. Så laga han ti kjelar og sette fem på høgre og fem på venstre sida. I dei skulle dei skylja det som høyrde brennoffera til. Men prestane skulle vaska seg i havet.

7. Salomo fekk òg laga ti ljosestakar av gull, så som dei skulle vera. Dei sette han i tempelromet, fem på høgre og fem på venstre sida.

8. Han laga ti bord som han sette i tempelromet, fem på høgre og fem på venstre sida; og han laga hundre offerskåler av gull.

9. Så bygde han føregarden for prestar og den store tempelgarden med dører til, og dørene kledde han med bronse.

10. Havet sette han på sørsida av templet, ved det sør-austre hjørnet.

11. Hiram laga oskefata, eldskuflene og offerskålene. Dermed hadde han fullført det arbeidet han skulle gjera for kong Salomo til Guds hus:

12. to søyler, to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to flettverksarbeid til å leggja over dei to skålene;

13. dei fire hundre granatepla til dei to flettverka, to rader med granateple til kvart flettverk, til å leggja over dei to skålene på søylehovuda;

14. dei ti fotstykka med dei ti kjelane på;

15. havet – det var berre eitt – med dei tolv oksane under;

16. oskefata, eldskuflene og kjøtgaflane. Alt dette som meisteren Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av skinande bronse.

17. Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den faste leirjorda mellom Sukkot og Saretan.

18. Salomo laga ei stor mengd med slike ting. Ingen kunne seia kor mykje bronsen vog.

19. Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Guds hus: gullaltaret og borda som skodebrøda skulle liggja på;

20. ljosestakane med lamper som skulle kveikjast på føreskriven måte – dei stod framfor det inste romet og var av fint gull;

21. blomane, lampene og ljosesaksene av gull, ja, av reint gull;

22. knivane, offerskålene, kannene og glopannene, alt av fint gull. Og i inngangane til huset var både dei dørene som førte inn til det høgheilage romet, og dei som førte inn til det heilage romet, av gull.