Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Atalja vert drepen

1. Men i det sjuande året tok Jojada mot til seg og gjorde ein avtale med nokre av hundremannsførarane. Det var Asarja, son til Jeroham, Ismael, son til Johanan, Asarja, son til Obed, Ma’aseja, son til Adaja, og Elisjafat, son til Sikri.

2. Så fór dei ikring i Juda og samla levittane frå alle Juda-byane og ættehovdingane i Israel.Då dei kom til Jerusalem,

3. gjorde alt folket som var samla, ei pakt med kongen i Guds hus. Og Jojada sa til dei: Denne kongssonen skal vera konge, så som Herren har sagt om Davids søner.

4. Høyr no kva de skal gjera: Ein tredjepart av dykk, dei prestane og levittane som kjem og gjer teneste på sabbaten, skal halda vakt ved dørstokkane,

5. den andre tredjeparten ved kongsgarden, den tredje ved Jesod-porten og alt folket i føregardane til Herrens hus.

6. Men ingen må koma inn i Herrens hus så nær som prestane og dei levittane som gjer teneste. Dei kan gå inn, for dei er heilage. Men alle dei andre må halda seg etter Herrens føresegn.

7. Levittane skal fylka seg rundt ikring kongen, kvar mann med våpen i hand, og vil nokon trengja seg inn i huset, skal han drepast. Dei skal fylgja kongen kvar han går og står.

8. Levittane og heile Juda-folket gjorde i eitt og alt som presten Jojada baud dei. Dei tok kvar sine menn, både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing; for presten Jojada hadde ikkje late noko av skifta fara heim.

9. Han gav hundremannsførarane dei spyda og skjolda, både store og små, som kong David hadde ått, og som var i Guds hus.

10. Og han lét alt folket stella seg opp, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av templet, bort imot altaret og huset, i ein ring kring kongen.

11. Så leidde Jojada og sønene hans kongssonen ut. Dei sette på han krona og gav han vitnemålet, kåra han til konge og salva han. Og folket ropa: «Leve kongen!»

12. Då Atalja høyrde ropet frå folkehopen som sprang fram og hylla kongen, gjekk ho opp til folket i Herrens hus.

13. Der fekk ho sjå kongen stå attmed søyla si ved inngangen, og hovdingane og hornblåsarane attmed han. Heile hopen jubla og bles i trompetar, og songarane stod der med instrumenta sine og styrte lovsongen. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Opprør, opprør!»

14. Men presten Jojada sende hundremannsførarane i veg, dei som stod over hæren, og sa til dei: «Lei henne ut mellom rekkjene! Og fylgjer nokon etter henne, skal han hoggast ned med sverd.» For presten hadde sagt: «De må ikkje drepa henne i Herrens hus.»

15. Så greip dei Atalja. Ho laut gå gjennom Hesteporten inn i kongsgarden, og der drap dei henne.

16. Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom seg og folket og kongen: Dei skulle vera Herrens folk.

17. Så gjekk alt folket til Ba’al-templet og reiv det ned. Altara og gudebileta der slo dei sund, og Ba’al-presten Mattan drap dei framfor altara.

18. Så sette Jojada inn tilsynsmenn i Herrens hus. Det var dei prestane og levittane som David hadde delt inn i skift til å gjera teneste i templet, til å bera fram brennoffer for Herren, som skrive står i Moselova, med glede og song etter Davids føresegn.

19. Og han sette vaktmenn ved portane til Herrens hus, så ikkje nokon som på eit eller anna vis hadde vorte urein, skulle koma inn der.

20. Så tok han med seg hundremannsførarane, stormennene, styresmennene i folket og heile folkehopen og henta kongen ned frå Herrens hus. Dei gjekk gjennom Øvreporten inn i kongsgarden og sette kongen på kongsstolen.

21. Folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd.