Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kong Josjia reinsar gudsdyrkinga

1. Josjia var åtte år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år.

2. Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og fór i alle måtar fram som David, ættefar hans, hadde gjort; han bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre.

3. I det åttande styringsåret sitt, då han endå var ein ungdom, tok han til å søkja Gud åt David, ættefar sin. Og i det tolvte året tok han til å reinsa Juda og Jerusalem for offerhaugar og Asjera-pålar og utskorne og støypte gudebilete.

4. Medan han såg på, reiv dei ned altara for Ba’algudane; røykjelsesaltara som stod oppå dei, hogg han ned, og Asjera-pålane og dei utskorne og støypte bileta slo han sund. Han knuste dei til støv, og støvet strøydde han på gravene åt folk som hadde ofra til dei.

5. Beina åt prestane brende han på deira eigne altar. Såleis reinsa han Juda og Jerusalem.

6. Og rundt ikring i byane i Manasse, Efraim og Simeon, ja, radt til Naftali, på torga der,

7. reiv han ned altara og Asjera-pålane, og dei utskorne bileta slo han i knas. I heile Israel hogg han ned alle røykjelsesaltara. Så fór han heim att til Jerusalem.

8. I det attande styringsåret åt kong Josjia, då han hadde reinsa landet og templet, sende han Sjafan Asaljason, Ma’aseja, byhovdingen, og Joak Joakasson, kanslaren, av stad for å setja i stand huset åt Herren hans Gud.

9. Då dei kom til Hilkia, øvstepresten, gav dei frå seg dei pengane som var komne inn til Guds hus, alt det dei levittane som heldt vakt ved dørene, hadde samla inn frå Manasse, Efraim og alle dei andre Israels-ættene, frå heile Juda og Benjamin og frå Jerusalemsbuane.

10. Dei gav pengane til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei til handverkarane som arbeidde i templet og skulle bøta brestene der og vøla på det,

11. og til tømmermennene og bygningsmennene, til å kjøpa inn hoggen stein og trevyrke til tverrbjelkar, og til å tømra opp att dei bygningane som Juda-kongane hadde late forfalla.

12. Mennene arbeidde trufast på verket. Nokre av levittane var sette til å ha tilsyn med dei. Det var Jahat og Obadja av Merari-sønene og Sakarja og Mesjullam av Kehat-sønene. Alle levittar som skjøna seg på musikkinstrument,

13. hadde tilsyn med berarane og rettleidde alle handverkarane, kva arbeid dei så gjorde. Andre levittar var skrivarar, arbeidsformenn og dørvaktarar.

Lovboka som vart funnen

14. Då dei tok fram pengane som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia boka med Herrens lov, som var gjeven ved Moses.

15. Då tok Hilkia til ords og sa til Sjafan, riksskrivaren: «Eg har funne ei lovbok i Herrens hus.» Og han gav boka til riksskrivaren.

16. Sjafan tok henne med seg til kongen, og samstundes sa han frå: «Tenarane dine gjer alt det som er pålagt dei.

17. Dei har tømt ut dei pengane som fanst i Herrens hus, og gjeve dei til tilsynsmennene og arbeidsleiarane.»

18. Så fortalde han kongen at Hilkia, presten, hadde gjeve han ei bok. Og han las opp or boka for kongen.

19. Då Josjia høyrde det som stod i lova, reiv han sund kleda sine.

20. Så tala han med Hilkia og med Ahikam Sjafansson, Abdon Mikason, Sjafan, riksskrivaren, og Asaja, kongsmannen, og sa:

21. «Gå og spør Herren til råds for meg og for dei som er att i Israel og Juda, om det som står i den boka som no er funnen. For stor er Herrens harme som har loga opp mot oss, fordi fedrane våre ikkje har halde seg etter Herrens ord og ikkje gjort alt det som er skrive i denne boka.»

22. Då gjekk Hilkia og dei andre mennene som kongen sende av stad, til Hulda, ei profetkvinne, som var gift med Sjallum, son til Tikva Harkasson, han som hadde tilsyn med kleda. Hulda budde i Nybyen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne,

23. og ho sa til dei:Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg:

24. Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og dei som bur her, alle dei forbanningane som er skrivne i den boka dei har lese opp for Juda-kongen.

25. For dei har gått bort frå meg og ofra til andre gudar. Såleis har dei eggja meg til harme med det dei har gjort. Harmen min logar mot denne staden, og han skal ikkje slokna.

26. Men til Juda-kongen som har sendt dykk for å spørja Herren til råds, skal de seia: Så seier Herren, Israels Gud: Du har no høyrt desse orda.

27. Og du vart mjuk i hugen og bøygde deg for Gud då du høyrde kva han tala mot denne staden og mot dei som bur her. Fordi du bøygde deg for meg og reiv sund kleda dine og gret for mitt åsyn, så har eg òg høyrt, lyder ordet frå Herren.

28. Difor vil eg la deg fara til fedrane dine. I fred skal du samlast med dei i grava. Du skal sleppa å sjå all den ulukka som eg fører over denne staden og dei som bur her.Med dette svaret kom dei heim att til kongen.

29. Då sende kongen bod og kalla saman alle dei eldste i Juda og Jerusalem.

30. Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle Juda-mennene og Jerusalems-buane fylgde han: prestane og levittane og heile folket, både store og små. Og han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som var funnen i Herrens hus.

31. Så steig kongen fram til plassen sin og gjorde ei pakt for Herrens åsyn: Folket skulle fylgja Herren og halda hans bod, lovbod og føresegner av heile sitt hjarta og heile sin hug. Alle dei paktord som var skrivne i denne boka, skulle dei halda.

32. Han fekk kvar mann som fanst i Jerusalem og Benjamin til å gå med i pakta. Og sidan levde Jerusalems-buane etter den pakta dei hadde gjort med Gud, sine fedrars Gud.

33. Josjia fekk bort all styggedomen frå alle dei landområda som høyrde israelittane til, og sytte for at heile Israels-folket dyrka Herren sin Gud. Så lenge han levde, vende dei seg ikkje bort frå Herren, sine fedrars Gud.