Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kong Amasja vinn over Edom

1. Amasja var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.

2. Amasja gjorde det som rett var i Herrens augo, men ikkje med eit heilt hjarta.

3. Så snart han hadde fått kongedømet fast i si hand, drap han dei hoffmennene som hadde slege i hel far hans, kongen.

4. Men borna deira drap han ikkje. Han heldt seg etter det som står skrive i Mose lovbok, der Herren har gjeve dette påbodet: Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd.

5. Sidan samla Amasja folket i Juda og stelte dei opp, ættgrein for ættgrein, under tusenmannsførarar og hundremannsførarar i heile Juda og Benjamin. Han mønstra dei, så mange som var tjue år eller meir, og fann at det var tre hundre tusen utvalde stridsmenn som kunne bruka spyd og skjold.

6. Dessutan leigde han i Israel hundre tusen djerve krigarar for hundre talentar sølv.

7. Då kom ein gudsmann til han og sa: «Lat ikkje Israels-hæren dra med deg, konge! For Herren er ikkje med Israel, ikkje med nokon av Efraims-sønene.

8. Men du skal dra ut og gå modig i striden! Elles vil Gud la deg falla for fienden. For Gud har makt både til å hjelpa og til å fella.»

9. Amasja spurde gudsmannen: «Kva så med dei hundre talentane som eg har gjeve til hærflokken frå Israel?» Gudsmannen svara: «Herren kan gje deg meir enn det!»

10. Då skilde Amasja ut den flokken som var komen til han frå Israel, og lét dei fara heim att. Dei vart brennande harme på Juda-mennene og fór av stad i fullt sinne.

11. Amasja tok no mot til seg og drog ut med hæren sin. Han kom til Saltdalen, og der hogg han ned ti tusen mann frå Se’ir.

12. Andre ti tusen tok judearane levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå, så dei slo seg i hel, alle saman.

13. Men nokre av israelittane som Amasja hadde sendt heim att, så dei ikkje fekk fylgja han på hærferda, dei tok til å herja i Juda-byane frå Samaria til Bet-Horon. Der hogg dei ned tre tusen mann og tok mykje hærfang.

Amasjas fråfall og nederlag

14. Då Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomittane, førte han gudane åt Se’ir-sønene med seg. Han sette dei opp som sine eigne gudar, kasta seg ned for dei og ofra til dei.

15. Då vart Herren brennande harm på Amasja og sende ein profet som sa til han: «Kvifor spør du gudane åt dette folket til råds, dei som ikkje kunne berga sitt eige folk or di hand?»

16. Men då profeten tala såleis til Amasja, sa han: «Har vi gjort deg til rådgjevar for kongen? Hald opp med dette! Elles kan du verta ihelslegen.» Då heldt profeten opp og sa: «Eg veit at Gud har sett seg føre å tyna deg, sidan du gjorde dette og ikkje høyrde på rådet mitt.»

17. Amasja, kongen i Juda, heldt råd og sende så bod til Israels-kongen Joasj, son til Joakas Jehuson. «Kom, lat oss prøva styrke med kvarandre!» sa han.

18. Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet attende til Amasja, Juda-kongen: «Klungeren på Libanon sende ein gong bod til sederen der og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men villdyra på Libanon kom farande og trakka ned klungeren.

19. Du tenkjer at du har slege edomittane. Difor har du vorte stormodig og vil vinna endå meir ære. Hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke? Du kjem berre til å falla, og judearane med deg.»

20. Men Amasja ville ikkje høyra på han. Det var Gud som laga det så; han ville la dei falla i fiendehand, fordi dei hadde spurt Edom-gudane til råds.

21. Så drog Joasj, Israels-kongen, ut mot Amasja, Juda-kongen. Det kom til styrkeprøve mellom dei ved Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.

22. Judearane tapte for israelittane og rømde kvar til sitt.

23. Juda-kongen Amasja, son til Joasj Akasjason, vart teken til fange ved Bet-Sjemesj av Joasj, Israels-kongen, og ført til Jerusalem. Der reiv Joasj ned bymuren frå Efraims-porten til Hjørneporten, eit stykke på fire hundre alner.

24. Og han tok alt gullet og sølvet og alle dei kar som fanst i Guds hus, hjå Obed-Edom, og i skattkammeret i kongsgarden. Gislar tok han òg med seg då han fór heim att til Samaria.

25. Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joakas, var død.

26. Det som elles er å seia om Amasja, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane.

27. Etter at Amasja fall frå Herren, fekk dei til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då rømde han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der.

28. Så køyrde dei han derifrå med hestar, og han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg.