Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kong Asa reinsar gudsdyrkinga

1. Guds Ande kom over Asarja, son til Oded.

2. Han steig fram for Asa og sa til han: «Høyr på meg, Asa og alle de frå Juda og Benjamin! Herren er med dykk så sant de held dykk til han. Og søkjer de han, lagar han det så at de finn han. Men vender de dykk bort frå han, vender han seg bort frå dykk.

3. I lang tid hadde Israel ingen sann Gud, ingen prest som lærte dei, og inga lov.

4. Men når dei kom i naud, vende dei om til Herren, Israels Gud, og søkte han, og då laga han det så at dei fann han.

5. I dei dagar kunne ingen ferdast trygt, korkje ute eller heime; for det var stor uro mellom folk i alle land.

6. Folk støytte mot folk og by mot by; for Gud skapte uro mellom dei med allslags trengsler.

7. Men ver ved godt mot, og lat ikkje hendene siga! De skal nok få løn for det de gjer.»

8. Då Asa høyrde desse orda og den spådomen som Asarja, son til Oded, bar fram, fekk han nytt mot og sytte for å få bort dei ufyselege gudebileta i heile Juda og Benjamin og i dei byane han hadde teke i Efraims-fjella. Og han sette i stand Herrens altar som stod framfor forhalla i templet.

9. Så kalla han saman alt folket i Juda og Benjamin og dei innflyttarane frå Efraim, Manasse og Simeon som budde mellom dei. For mange israelittar hadde gått over til Asa då dei såg at Herren hans Gud var med han.

10. I det femtande styringsåret åt Asa, i den tredje månaden, samla folket seg i Jerusalem.

11. Same dagen ofra dei til Herren sju hundre oksar og sju tusen sauer av det hærfanget dei var komne heim med.

12. Og dei gjorde den avtalen at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, av heile sitt hjarta og heile sin hug,

13. og at alle som ikkje søkte Herren, Israels Gud, skulle døy, både små og store, menn og kvinner.

14. Dei svor Herren truskap med høg røyst og med fagnadrop medan trompetar og horn ljoma.

15. Og heile Juda-folket gledde seg over denne eiden; for dei hadde svore han av heile sitt hjarta og søkt Herren med all sin vilje. Difor laga han det så at dei fann han, og han gav dei ro på alle kantar.

16. Kong Asa tok jamvel frå Ma’aka, farmor si, dei rettar som fylgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit grysjeleg bilete for Asjera. Dette biletet hogg han ned, knuste det og brende det i Kedron-dalen.

17. Men offerhaugane i Israel vart ikkje nedlagde. Likevel heldt Asa seg til Herren av heile sitt hjarta så lenge han levde.

18. Dei gåvene som far hans hadde vigt til Herren, og dei han sjølv hadde vigt, førte han til Guds hus. Det var både sølv og gull og andre ting.

19. Det var ingen ufred før i det trettifemte styringsåret åt Asa.