Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herrens paktkiste i Filistarlandet

1. Filistarane tok Guds paktkiste og førte henne frå Eben-Eser til Asjdod.

2. Der tok dei paktkista og bar henne inn i Dagons tempel og sette henne attmed Dagon.

3. Tidleg om morgonen dagen etter fekk folket i Asjdod sjå at Dagon låg med andletet mot jorda framfor Herrens paktkiste. Då reiste dei han opp og sette han på plass.

4. Morgonen etter kom dei att og fann Dagon liggjande med andletet mot jorda framfor Herrens paktkiste. Og hovudet og begge hendene hans låg avhogne attmed dørstokken. Berre kroppen var att av Dagon.

5. Det er grunnen til at Dagon-prestane og alle andre som går inn i Dagons tempel i Asjdod, ikkje set foten på dørstokken der; så har det vore til denne dag.

6. No låg Herrens hand tungt på folket i Asjdod. Han gjorde dei rådlause og redde og slo dei med svullar, både i Asjdod og i bygdene rundt ikring.

7. Då mennene i Asjdod såg korleis det gjekk, sa dei: «Vi vil ikkje ha paktkista åt Israels Gud hjå oss lenger. For tungt ligg handa hans både på oss og Dagon, guden vår.»

8. Så sende dei bod og stemnde til seg alle filistarfyrstane og spurde: «Kva skal vi gjera med paktkista åt Israels Gud?» Dei svara: «Flytt henne til Gat!» Så flytte dei paktkista til Gat.

9. Men då dei hadde flytt henne dit, råma Herrens hand byen og skapte redsle og rådløyse. Han slo folket i byen med sott, og det braut ut svullar både på små og store.

10. Så sende dei Guds paktkiste til Ekron. Men då ho kom dit, skreik Ekron-buane: «Dei har flytt paktkista åt Israels Gud hit for å drepa oss og folket vårt.»

11. Dei sende bod og stemnde saman alle filistarfyrstane og sa: «Send paktkista åt Israels Gud bort, og lat henne koma attende til den staden der ho høyrer heime! Elles kjem ho til å drepa oss og folket vårt.» For det var kome ei dødsredsle over heile byen. Herrens hand låg tungt på han.

12. Dei mennene som ikkje døydde, vart slegne av svullar, og klageskriket frå byen steig opp mot himmelen.