Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Saul vert avundsjuk på David

1. Då Jonatan hadde høyrt samtalen mellom David og Saul, drogst hugen hans til David, og han fekk han så kjær som sitt eige liv.

2. Same dagen tok Saul han til seg og lét han ikkje få fara heim att meir.

3. Og Jonatan gjorde ei pakt med David, fordi han hadde fått han så kjær som sitt eige liv.

4. Han tok av seg kappa han hadde på, og gav henne til David, og like eins krigskleda, sverdet, bogen og beltet.

5. Sidan drog David i hærferd, og han hadde lukka med seg kva ærend Saul så sende han i. Difor sette Saul han over stridsmennene, og han var vel omtykt av heile folket, jamvel av tenarane til Saul.

6. Men så hende det då dei kom heim, då David kom attende etter at han hadde felt filistaren, at kvinnene gjekk ut frå alle byane i Israel og ville møta kong Saul med song og dans, med trommeslått, glederop og spel.

7. Og medan dei spela og dansa, song dei:«Saul felte fiendar i tusental,men David i titusental.»

8. Då vart Saul brennande harm. Han lika dette verset ille og sa: «Dei gjev David æra for titusentala, og meg for tusentala. No vantar det berre at han får kongedømet.»

9. Frå den dagen såg Saul skeivt til David.

10. Dagen etter kom det ei vond ånd frå Gud over Saul, og han vart reint frå seg inne i huset. David spela på harpa, som han kvar dag gjorde, og Saul hadde eit spyd i handa.

11. Best det var, svinga han spydet og tenkte: «Eg vil renna det gjennom David og inn i veggen.» Men David bøygde seg unna to gonger.

12. Då vart Saul redd David; for Herren var med han, men Saul hadde han vike frå.

13. Difor sende Saul han frå seg og sette han til hovding over ei fylking på tusen mann. Sidan førte David hæren både ut i striden og heim att.

14. David hadde lukka med seg i alt han tok seg føre; for Herren var med han.

15. Då Saul såg at det gjekk godt for David, vart han endå reddare han.

16. Men heile Israel og Juda heldt av David; for han førte dei både ut i striden og heim att.

17. Ein dag sa Saul til David: «Sjå, her er Merab, eldste dotter mi; henne vil eg gje deg til kone. Lat meg berre få sjå at du er ein djerv kar, som fører Herrens krigar.» For han tenkte: «Eg vil ikkje leggja hand på han; det skal filistarane gjera.»

18. David svara: «Kven er vel eg, og kven er frendane mine, farsætta mi, i Israel, sidan eg skal verta verson til kongen?»

19. Men då tida kom at David skulle få Merab Saulsdotter, vart ho gift med Adriel frå Mehola.

20. Men Mikal, dotter til Saul, hadde fått David kjær. Då Saul fekk vita det, lika han det godt.

21. «Han skal få henne,» tenkte Saul. «Ho skal verta ei snare for han, så han fell i filistarhand.» Difor sa Saul til David andre gongen: «Du skal verta verson min.»

22. Og til mennene sine sa han: «Tal med David i løynd og sei: Kongen tykkjer vel om deg, og alle mennene hans held av deg. No må du verta verson til kongen.»

23. Då mennene til Saul kviskra dette i øyra på David, sa han: «Synest de det er så lite verdt å vera verson til kongen at ein fattig og lågætta mann som eg kan verta det?»

24. Mennene til Saul fortalde kongen kva David hadde svara.

25. Då sa Saul: «Gå og sei til David at kongen ikkje ynskjer anna festargåve enn førehuda av hundre filistarar; såleis vil han hemna seg på fiendane sine.» Men Saul tenkte med seg: «Då kjem filistarane til å drepa David.»

26. Då kongsmennene fortalde David kva Saul hadde sagt, gledde det han å høyra at han skulle verta verson til kongen. Og før tida var ute,

27. gjorde David seg ferdig og drog av stad med mennene sine. Han slo i hel to hundre filistarar, tok førehudene deira med seg og la dei alle fram for kongen, så han kunne verta verson hans. Då lét Saul han få Mikal, dotter si, til kone.

28. No såg Saul at Herren var med David, og han skjøna at Mikal, dotter hans, heldt av han.

29. Då vart han endå reddare David og var hans fiende all sin dag.

30. Filistarhovdingane gjorde ofte hærferder. Og kvar gong dei drog ut, gjekk det betre for David enn for alle dei andre mennene til Saul, og han vann seg eit stort namn.