Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Saul døyr

1. Filistarane gjekk til strid mot Israel. Israelittane rømde for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet.

2. Filistarane sette etter Saul og sønene hans og felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul.

3. Striden vart hard ikring Saul. Bogeskyttarane råka han, og han vart hardt såra.

4. Då sa han til våpensveinen sin: «Dra sverdet ditt og renn det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og stikka meg ned og fara ille med meg!» Men våpensveinen ville ikkje gjera det; han torde ikkje. Då tok Saul sverdet og stupte mot det.

5. Då våpensveinen såg at Saul var død, stupte han òg mot sverdet sitt og fylgde Saul i døden.

6. Såleis døydde dei alle den dagen, Saul og dei tre sønene hans og våpensveinen og alle mennene hans.

7. Då dei israelittane som budde på den andre sida av Jisre’el-sletta og av Jordan, såg at Israels-mennene hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og rømde. Og filistarane kom og slo seg ned der.

8. Dagen etter kom filistarane og ville rana dei falne. Då fann dei Saul og dei tre sønene hans liggjande på Gilboa-fjellet.

9. Dei hogg hovudet av han og tok våpna hans. Så sende dei bodberarar ikring i Filistarlandet; dei skulle ropa ut sigersbodskapen i avgudstempla og for folket.

10. Våpna hans la dei ned i Astarte-templet, og kroppen hengde dei opp på muren i Bet-Sjean.

11. Då folket i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistarane hadde gjort med Saul,

12. drog alle våpenføre menn i veg og gjekk heile natta. Dei tok lika av Saul og sønene hans ned frå muren i Bet-Sjean, fór til Jabesj og brende dei der.

13. Så tok dei beina deira og gravla dei under tamariska i Jabesj. Og dei heldt faste i sju dagar.