Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

David og Jonatan stadfester venskapspakta si

1. David rømde frå Nevajot ved Rama. Han kom til Jonatan og sa: «Kva har eg gjort? Kva vondt og gale har eg gjort mot far din, sidan han vil ta livet av meg?»

2. Jonatan svara: «Langt ifrå! Du skal ikkje missa livet! Far min gjer då aldri noko, anten stort eller smått, utan at han lèt meg få vita det. Kvifor skulle han då dølja dette for meg? Nei, det er ikkje så.»

3. Men David svara med ein eid: «Far din veit godt at du har godvilje for meg. Difor tenkjer han: Dette må ikkje Jonatan få vita; det ville gjera han vondt. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Det er berre eit steg mellom meg og døden.»

4. Då sa Jonatan til David: «Alt det du ynskjer, skal eg gjera for deg.»

5. David svara: «I morgon er det nymånedagen. Då skulle eg sitja til bords med kongen. Men gjev du meg lov til å fara, går eg og gøymer meg ute på marka til tredje kvelden.

6. Skulle så far din sakna meg, må du seia: David bad meg om lov til å fara heim til Betlehem som snarast; for der held heile ætta den årlege offerfesten sin.

7. Seier han då: Det er godt, så kan tenaren din vera trygg. Men vert han sint, kan du vera viss på at han har sett seg føre å gjera meg noko vondt.

8. Gjer då vel mot tenaren din, sidan du har late meg gjera venskapspakt med deg i Herrens namn. Men har eg gjort meg skuldig i noko brot, så drep meg! Kvifor skulle du føra meg til far din?»

9. Jonatan svara: «Det skal aldri henda! Skjønar eg at far min er meint på å gjera deg noko vondt, skal eg nok seia deg det.»

10. Då spurde David: «Kven skal varsla meg dersom far din gjev eit ublidt svar?»

11. Jonatan sa: «Kom lat oss gå ut på marka!» Så gjekk dei ut på marka, dei to.

12. Der sa Jonatan til David: «Ved Herren, Israels Gud: I morgon eller i overmorgon på denne tid skal eg få greie på kva far min har i tankar. Anten det då ser bra ut for deg eller ikkje, skal eg senda bod til deg og la deg få vita det.

13. Herren la det gå meg ille både no og sidan dersom far min finn for godt å føra ulukke over deg, og eg ikkje varslar deg og hjelper deg til å koma unna, så du kan fara din veg i fred. Herren vere med deg, som han har vore med far min.

14. Så lenge eg lever, må du visa den same godhug for meg som Herren. Og når eg døyr,

15. så ta aldri godviljen din frå ætta mi! Når Herren har rudt ut alle Davids fiendar frå jorda,

16. gjev då at Jonatans namn ikkje vert utrudt, men får leva saman med Davids ætt! Gjev Herren må ta hemn over Davids fiendar!»

17. Så gjorde Jonatan endå ein gong eiden sin til David, fordi han heldt av han; han hadde David inderleg kjær.

18. Sidan sa Jonatan til han: «I morgon er det nymånedagen, og dei kjem til å sakna deg når dei ser at plassen din er tom.

19. Men i overmorgon vil dei sakna deg endå meir. Då skal du gå til den staden der du gøymde deg den dagen ugjerninga skulle gjerast, og setja deg attmed steinrøysa der.

20. Så skal eg skyta tre piler den vegen, som om eg skaut til måls,

21. og senda guten min av stad for å finna pilene. Seier eg då til guten: Pilene ligg hitanfor deg, henta dei! så kan du koma fram. Då kan du vera trygg; så sant Herren lever, det er ingen fare.

22. Men seier eg til guten: Pilene ligg bortanfor deg, så far din veg! For då vil Herren at du skal fara bort.

23. Når det gjeld den lovnaden vi har gjeve kvarandre, eg og du, så er Herren for alltid vitne mellom meg og deg.»

24. Så gøymde David seg ute på marka.Då nymånedagen kom, sette kongen seg til bords og skulle eta.

Saul vert harm på Jonatan

25. Han sat der han var van å sitja, i høgsetet oppmed veggen. Jonatan sette seg midt for han, og Abner sat ved sida av Saul; men plassen til David stod tom.

26. Saul sa ikkje noko den dagen, for han tenkte: «Det har vel hendt han eitkvart, så han ikkje er rein; han har ikkje fått reinsa seg enno.»

27. Men då plassen til David stod tom andre dagen òg, dagen etter nymåne, då sa Saul til Jonatan, son sin: «Kvifor har ikkje Isai-sonen kome til måltidet anten i går eller i dag?»

28. Jonatan svara: «David bad meg om lov til å fara til Betlehem.

29. Kjære, lat meg få fara, sa han, for ætta vår held offerfest der i byen, og bror min har bede meg koma. Har du godvilje for meg, så lat meg få fara heim og helsa på frendane mine! Såleis har det seg at han ikkje er komen til bordet åt kongen.»

30. Då vart Saul brennande harm på Jonatan og sa til han: «Du son til ei ring og trassig kvinne! Var det ikkje det eg visste at du har valt deg ut denne Isai-sonen, til skam for deg sjølv og til skam for mor di som fødde deg!

31. Så lenge Isai-sonen er til på jorda, står korkje du eller kongedømet ditt trygt. Send bod og henta han hit til meg; han skal døy!»

32. Jonatan svara: «Kvifor skal han døy? Kva gale har han gjort?»

33. Men Saul svinga spydet og ville renna det gjennom han. Då skjøna Jonatan at far hans ville drepa David.

34. Han reiste seg frå bordet, harm i hugen, og smaka ikkje mat den andre nymånedagen. Han hadde vondt av David, fordi far hans hadde spotta han.

David skil lag med Jonatan

35. Morgonen etter gjekk Jonatan ut på marka på den tid han hadde avtala med David, og han hadde ein smågut med seg.

36. Han sa til guten: «Spring og finn dei pilene eg skyt!» Medan guten sprang av stad, skaut han ei pil bortom han.

37. Og då guten kom til den staden der ho låg, den pila Jonatan hadde skote, ropa Jonatan etter han: «Ligg ikkje pila bortanfor deg?»

38. Og så ropa han: «Skunda deg, ver snar, stå ikkje der!» Guten tok opp pila og kom til husbonden sin.

39. Han skjøna ingen ting. Det var berre Jonatan og David som visste kva dette hadde på seg.

40. Så gav Jonatan våpna sine til guten og sa til han: «Gå inn til byen med dette!»

41. Då guten hadde gått, kom David fram frå gøymestaden bak steinrøysa og kasta seg til jorda; tre gonger bøygde han seg. Så kyste dei kvarandre og gret, dei to.

42. Og Jonatan sa til David: «Far i fred! Når det gjeld det vi to har svore einannan i Herrens namn, skal Herren for alltid vera vitne om pakta mellom meg og deg og mellom mi ætt og di ætt.»

43. Så tok David ut og fór sin veg, og Jonatan gjekk heim til byen.