Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Hanna lovsyng Herren

1. Hanna bad og sa: Mitt hjarta frydar seg i Herren,Herren gjev meg stor kraft.No kan eg le åt mine fiendar,for eg gleder meg over di frelse.

2. Ingen er heilag som Herren,for ingen er til utan du,og det finst ikkje fjell ¬som vår Gud.

3. Slutt med kyt og kaute ord,hald opp ¬med all den frekke talen!For Herren er ein Gud ¬som allting veit,han prøver kvar ei gjerning.

4. Stridsmenns bogar vert brotne;men dei trøytte ¬bur seg med kraft.

5. Dei mette må tena for brødet,og dei svoltne svelt ikkje meir.Barnlaus kvinne får sju søner,den barnerike visnar bort.

6. Herren tek liv og gjev liv,han sender menneske ¬til dødsriketog kan føra dei opp derifrå.

7. Herren gjer fattig, ¬og han gjer rik,han fornedrar, ¬og han opphøgjer.

8. Han reiser småkårsfolk ¬or støvet,lyfter den fattige or oska,sessar han saman med ¬stormennog gjev han eit ærefullt sete.For søylene under jorda ¬høyrer Herren til,han bygde jorderiket på dei.

9. Han vernar sine trugne ¬på vegen,men dei gudlause ¬forgår i mørkret.For ingen er sterk i eiga kraft.

10. Dei som strider mot Herren, ¬går til grunne.Han lèt det torna over dei ¬frå himmelen,Herren dømer den vide jord.Måtte han gje sin konge styrkeog sin salvevigde stor kraft!

11. Så fór Elkana heim att til Rama. Men guten vart verande der og gjorde teneste for Herren, og Eli, overpresten, hadde tilsyn med han.

Eli-sønene syndar

12. Sønene til Eli var gudlause menn. Dei kjende ikkje Herren

13. og brydde seg ikkje om kva prestane hadde rett til å krevja av folket. Når nokon bar fram eit slaktoffer, kom prestens tenar medan dei koka kjøtet. Han hadde med seg ein tretinda gaffel.

14. Den stakk han ned i panna eller gryta, kjelen eller krukka, og alt som kom opp med gaffelen, tok presten sjølv. Såleis bar dei seg åt mot alle israelittar som kom til Sjilo.

15. Endå før dei hadde brent feittet, kom prestens tenar og sa til den som ofra: «Hit med steikjekjøt til presten! Han tek ikkje imot kokt kjøt av deg, berre rått.»

16. Om då mannen svara: «Fyrst må feittet brennast, sidan kan du ta det du vil,» så sa tenaren: «Nei, lat meg få det straks, elles tek eg det med makt!»

17. Den synda dei unge mennene gjorde for Herrens åsyn, var ovstor; dei hadde ikkje vørdnad for Herrens offer.

18. Imedan gjorde Samuel teneste for Herren. Endå han berre var ein smågut, bar han presteklede av lin.

19. Og mor hans laga kvart år ein liten kjortel til han. Den tok ho med når ho saman med mannen sin drog opp og skulle bera fram det årlege slaktofferet.

20. Då velsigna Eli Elkana og kona hans og sa: «Herren gjeve deg fleire born med denne kvinna i staden for han som ho bad om for Herrens skuld!» Så fór dei heim att.

21. Og Herren kom Hanna i hug, så ho vart med barn att. Ho fekk tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hjå Herren.

22. No var Eli svært gamal. Då han fekk høyra kva sønene hans gjorde mot alle israelittane, og at dei låg med kvinnene som gjorde teneste ved møteteltdøra,

23. sa han til dei: «Kvifor gjer de slikt? Eg høyrer alle menneske tala om den vonde åtferda dykkar.

24. Nei, søner! Det er ikkje noko godt ord som går om dykk i Herrens folk etter det eg høyrer.

25. Når ein mann syndar mot ein annan, skal Gud døma han. Men når ein mann syndar mot Herren, kven skal då be for han?» Men dei høyrde ikkje på far sin, for Herren ville at dei skulle døy.

26. Men guten Samuel voks og vart stor og var til hugnad for Herren og for menneske.

Eli-ætta vert vraka

27. Det kom ein gudsmann til Eli og sa til han: Så seier Herren: Eg openberra meg for farsætta di då ho var i Egypt og laut træla for farao og mennene hans.

28. Og eg valde henne ut mellom alle Israels ætter til å gjera presteteneste for meg, til å ofra på altaret mitt, brenna røykjelse og bera presteklede for mitt åsyn. Og eg gav farsætta di retten til alle eldoffera frå israelittane.

29. Kvifor viser du vanvørdnad for slaktofferet og grødeofferet mitt, som eg har gjeve påbod om i min bustad? Kvifor ærar du sønene dine meir enn meg, med di de gjør dykk med det beste av alle dei offergåver som Israel, folket mitt, ber fram?

30. Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud: Eg har nok sagt at di ætt og farsætta di alle dagar skal gjera teneste for mitt åsyn. Men no lyder ordet frå Herren: Så skal det ikkje vera! Dei som ærar meg, vil eg æra, og dei som vanvørder meg, skal verta til skammar.

31. Dagar skal koma då eg bryt både di makt og makta åt farsætta di, så ingen vert gamal i ætta di.

32. Då skal du sjå med lengsle på alt det gode eg gjer mot Israel; men i di ætt skal det aldri finnast nokon som vert gamal.

33. Berre ein einaste mann i ætta di vil eg la vera å rydja bort frå altaret mitt. Eg vil la augo dine slokna og livet ditt tærast bort, og alle som veks opp i di ætt, skal døy i sine beste år.

34. Og til teikn på dette skal du ha det som kjem til å henda dei to sønene dine, Hofni og Pinhas: Dei skal begge døy på éin dag.

35. Så skal eg setja inn ein trufast prest, som gjer det eg ynskjer og vil. For han vil eg byggja opp ei varande ætt, og han skal alle sine dagar gjera teneste hjå den eg har salva.

36. Då skal det gå så at dei som er att av di ætt, kjem og kastar seg ned og bed om eit pengestykke eller eit brød og seier: «Lat meg få vera med i eit av prestelauga, så eg kan få litt mat å eta.»