Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Samuel døyr

1. Ved det leitet døydde Samuel, og heile Israel samla seg og heldt syrgjehøgtid over han. Dei gravla han i huset hans i Rama.Så tok David ut og fór til Maon-øydemarka.

David og Abigajil

2. I Maon var det ein mann som hadde buskapen sin i Karmel. Det var ein svært rik mann; han åtte tre tusen sauer og tusen geiter. Nett då var han i Karmel på saueklypping.

3. Mannen heitte Nabal og kona hans Abigajil. Ho var ei vitug og ven kvinne, men mannen var vond og vrang i all si ferd. Han var av Kalebs-ætta.

4. I øydemarka fekk David høyra at Nabal heldt på og klypte sauene sine.

5. Då sende han ti unge menn av stad og sa til dei: «Far opp til Karmel, og når de kjem til Nabal, skal de helsa han frå meg

6. og seia: Hell og lukke! Gjev det må gå godt både med deg og ætta di og med alt som ditt er!

7. Eg har høyrt at dei held på og klypper hjå deg. No har gjætarane dine vore saman med oss; vi har aldri gjort dei noko vondt, og det har ikkje kome bort noko for dei så lenge dei har vore i Karmel.

8. Spør berre mennene dine, så vil dei fortelja deg det. Så ta då vel imot mennene mine, for vi kjem hit på ein glededag. Gjev tenarane dine og David, son din, det du måtte ha for handa!»

9. Då mennene åt David kom til Nabal, helsa dei frå David og bar fram ærendet sitt; så stod dei og venta.

10. Men Nabal svara: «Kven er David? Kven er Isai-sonen? No om dagen er det så mange trælar som spring bort frå herrane sine.

11. Og så skulle eg ta brødet og vatnet mitt og feet som eg har slakta til dei som klypper for meg, og gje det til folk som eg ikkje veit kvar er ifrå!»

12. Mennene snudde og gjekk sin veg, og då dei kom heim til David, fortalde dei han alt som hadde hendt.

13. Då sa han til mennene sine: «Spenn sverdet på dykk, alle mann!» Dei så gjorde. David spente òg sverdet på seg, og så fylgde dei han opp, om lag fire hundre mann, medan to hundre vart att ved føringsvognene.

14. Men ein av tenestgutane kom og fortalde dette til Abigajil, kona åt Nabal, og sa: «David sende nokre menn hit frå øydemarka med helsing til husbonden vår, men han skjelte dei ut.

15. Og desse mennene har då vore venlege mot oss. Ingen av dei har gjort oss noko vondt, og det har ikkje kome bort noko for oss så lenge vi har vore saman med dei ute i marka.

16. Dei var som ein mur ikring oss både natt og dag i all den tid vi heldt oss nær dei og gjætte småfeet.

17. Så tenk deg no vel om kva du skal gjera! For ulukka heng over husbonden vår og heile hans hus. Men sjølv er han så vrang at ingen torer tala til han.»

18. Då var Abigajil snar i vendinga. Ho tok to hundre brød, to hiter med vin, fem saueskrottar, fem mål steikt korn, hundre rosinkaker og to hundre fikenkaker og la det på esla.

19. Så sa ho til tenestgutane sine: «Far føre! Eg kjem snart etter.» Men med Nabal, mannen sin, nemnde ho ingenting.

20. Som ho kom ridande på eselet sitt i livd av fjellet, kom David og mennene hans imot henne; ho støytte rett på dei.

21. Men David hadde sagt: «Så er det reint til fånyttes at eg har gått her i øydemarka og vakta alt det denne mannen eig, så det ikkje har kome bort noko for han. Han har lønt godt med vondt.

22. Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg lèt ein einaste av mennene hans leva til det dagast i morgon.»

23. Med det same Abigajil fekk auga på David, sprang ho ned av eselet og bøygde seg til jorda for han.

24. Så kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Det er eg som har skulda, herre, berre eg. Men gjer vel og lat tenestkvinna di få tala til deg, og høyr på det eg har å seia.

25. Bry deg ikkje om denne vrange Nabal, herre! For som han heiter, så er han. «Dåre» heiter han, og full av dårskap er han. Eg, tenestkvinna di, har ikkje eingong sett dei mennene som du sende, herre.

26. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever, herre, no har Herren hindra deg i å føra blodskuld over deg og ta deg til rettes. Fiendane dine, som vil skada deg, herre, skal verta som Nabal.

27. Ta imot denne gåva som tenestkvinna di har hatt med til deg, herre, og gjev henne til dei mennene som er med deg på ferdene dine.

28. Tilgjev tenestkvinna di at ho er så djerv. Herren skal sanneleg halda ætta di oppe. For det er Herrens krigar du fører, herre, og det skal ikkje henda deg noko vondt så lenge du lever.

29. Dersom nokon står fram og forfylgjer deg og vil ta livet av deg, skal Herren din Gud ta livet ditt i si varetekt, herre. Men livet åt fiendane dine skal han slengja bort som steinar or slyngja.

30. Når då Herren gjer som han har sagt, og lèt deg få alt det gode han har lova deg, herre, og set deg til fyrste over Israel,

31. då skal du ikkje kjenna deg utrygg eller ha samvitsagg, herre, fordi du har drepe skuldlause menneske og teke deg sjølv til rettes. Men når Herren gjer vel imot deg, kom då i hug tenestkvinna di, herre!»

32. Då sa David til Abigajil: «Lova vere Herren, Israels Gud, som har sendt deg til møtes med meg i dag!

33. Velsigna vere ditt vit og velsigna vere du sjølv, som i dag har hindra meg i å føra blodskuld over meg og ta meg sjølv til rettes!

34. Men så sant Herren, Israels Gud, lever, han som har halde meg frå å gjera deg noko vondt: Hadde du ikkje vore så snar til å møta meg, ville det ikkje ha vore att ein einaste mann av folket til Nabal når det dagast i morgon.»

35. Så tok David imot dei gåvene ho hadde med til han, og sa til henne: «Far heim i fred! Eg har merka meg det du har sagt, og skal gjera det du bed om.»

36. Då Abigajil kom heim att til Nabal, var det gjestebod i huset, eit gjestebod som hjå ein konge. Nabal hadde drukke mykje og var i godlag. Difor fortalde ho han ingenting før det vart morgon.

37. Men om morgonen, då rusen hadde gått av Nabal, fortalde ho han alt saman. Då var det som om hjarta hans ville stogga, og han vart som ein stein.

38. Om lag ti dagar etter slo Herren Nabal, og han døydde.

39. Då David fekk høyra at Nabal var borte, sa han: «Lova vere Herren! Han har teke hemn over Nabal for den vanæra han førte over meg, og han har halde tenaren sin frå å gjera noko vondt. Herren har late Nabals vondskap koma over hans eige hovud.»Så sende David bod og fridde til Abigajil; han ville ha henne til kone.

40. Tenarane åt David kom til Abigajil i Karmel og bar fram ærendet sitt for henne og sa: «David har sendt oss til deg, for han vil ha deg til kone.»

41. Då reiste ho seg, bøygde seg med andletet mot jorda og sa: «Sjå, her er tenestkvinna di, den tenestkvinna som skal vaska føtene åt tenarane dine, herre.»

42. Abigajil ferda seg til snøggast ho vann. Ho sette seg på eselet, og fem tenestjenter var med henne. Så fylgde ho sendemennene til David og vart kona hans.

43. David hadde òg gift seg med Akinoam frå Jisre’el; begge vart dei konene hans.

44. Men Saul hadde teke Mikal, dotter si, som var gift med David, og gjeve henne til Palti, son til Lajisj frå Gallim.