Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Samuel skilst frå folket

1. Sidan sa Samuel til heile Israel: «No har eg gjort dykk til viljes i alt de har bede meg om, og sett ein konge over dykk.

2. Heretter er det kongen som skal vera styraren dykkar. Eg er gamal og grå, og sønene mine er mellom dykk. Frå eg var ung og til denne dag har eg vore styraren dykkar.

3. Her står eg. Før no klagemål mot meg framfor Herren og den han har salva! Er det nokon eg har teke okse eller esel frå? Er det nokon eg har gjort urett eller fare hardt med? Er det nokon eg har teke imot gåver av, så eg skulle lata att augo for eitkvart? Om så er, vil eg gje dykk vederlag.»

4. Dei svara: «Du har korkje gjort oss urett eller fare hardt med oss eller teke imot gåver av nokon.»

5. Då sa han til dei: «Så er Herren vitne mot dykk, og den han har salva, er i dag vitne på at de ikkje har funne skuld hjå meg.» Folket svara: «Ja, han er vitne.»

6. Så sa Samuel til folket: Ja, Herren er vitne, han som lét Moses og Aron stå fram, og som førte fedrane dykkar opp frå Egypt.

7. Stig no fram, så vil eg føra klagemål mot dykk for Herrens åsyn og fortelja dykk om alle dei frelsesverk Herren har gjort mot dykk og fedrane dykkar.

8. Då Jakob var komen til Egypt, ropa fedrane dykkar til Herren, og han sende Moses og Aron. Dei førte fedrane dykkar ut or Egypt og lét dei få bu her i landet.

9. Men dei gløymde Herren sin Gud. Difor gav han dei over til Sisera, hærføraren i Hasor, til filistarane og til Moab-kongen. Alle desse kom og stridde mot dei.

10. Då ropa dei til Herren og sa: «Vi har synda. Vi har gått bort frå Herren og dyrka Ba’al-gudane og Astarte-bileta. Men frels oss no frå fiendane våre, så skal vi tena deg.»

11. Så sende Herren Jerubba’al og Bedan og Jefta og Samuel og berga dykk frå fiendane dykkar rundt ikring, så de kunne bu trygt.

12. Men då de såg at Nakasj, kongen i Ammon, kom mot dykk, sa de til meg: «Nei, vi vil ha ein konge til å styra oss» – endå Herren dykkar Gud var kongen dykkar.

13. Sjå, her er kongen som de har valt, han som de bad om. Herren har sett ein konge over dykk.

14. Vil de no ottast Herren, tena og lyda han og ikkje setja dykk opp mot hans ord, men fylgja Herren dykkar Gud, både de og kongen som rår over dykk, så er det godt.

15. Men vil de ikkje lyda Herren, og set de dykk opp mot hans ord, skal Herrens hand råka dykk som ho råka fedrane dykkar.

16. Stig no fram og sjå det store som Herren vil gjera for augo på dykk!

17. Som de veit, har vi i desse dagar kveiteskurden. No vil eg ropa til Herren, så sender han torever og regn. Då skal de skjøna og sjå kor stor ei synd de gjorde i Herrens augo då de kravde ein konge.

18. Så ropa Samuel til Herren, og han sende torever og regn den dagen. Då fekk alt folket stor age for Herren og for Samuel,

19. og dei sa til Samuel: «Bed til Herren din Gud for tenarane dine! Elles må vi døy. For attåt alle dei andre syndene våre har vi gjort den misgjerning å krevja ein konge.»

20. Då sa Samuel til folket: «Ver ikkje redde! Visst har de gjort alt dette vonde; men vik no berre ikkje frå Herren, men ten han av heile dykkar hjarta!

21. Vik ikkje frå han! Fylg ikkje gagnlause gudar, som korkje kan hjelpa eller frelsa; reine inkjevetta er dei.

22. For sitt store namn skuld vil Herren ikkje støyta folket sitt frå seg. For han har sett seg føre å gjera dykk til sitt folk.

23. Og eg, aldri skal eg gjera slik ei synd mot Herren som å halda opp med å be for dykk. Eg skal læra dykk den gode og rette vegen.

24. Ha berre age for Herren, og ten han trufast og heilhjarta! Sjå kor store ting han har gjort for dykk!

25. Men gjer de det som vondt er, kjem de til å gå til grunne, både de og kongen dykkar.»