Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då kom mennene i Kirjat-Jearim og henta Herrens paktkiste. Dei førte henne til Abinadabs hus, som låg oppe på haugen. Og dei vigsla Elasar, son hans, til å vakta Herrens paktkiste.

Samuel styrer i Israel

2. Frå den dagen paktkista kom til Kirjat-Jearim, gjekk det lang tid; det gjekk tjue år. Då vende heile Israels-folket seg til Herren.

3. Og Samuel sa til heile Israels-folket: «Vender de om til Herren av eit heilt hjarta, så få bort dei framande gudane og Astarte-bileta! Vend hjarta dykkar til Herren og ten han! Så skal han fria dykk frå filistarveldet.»

4. Då skilde israelittane seg av med Ba’al-gudane og Astarte-bileta og tente berre Herren.

5. Og Samuel sa: «Stemn heile Israel saman i Mispa! Så skal eg be til Herren for dykk.»

6. Då samla dei seg i Mispa, og dei auste opp vatn og rende det ut for Herrens åsyn. Den dagen fasta dei og sa: «Vi har synda mot Herren.» Sidan skifte Samuel rett mellom israelittane i Mispa.

7. Så snart filistarane fekk greie på at israelittane hadde samla seg i Mispa, drog fyrstane deira opp mot Israel. Då israelittane høyrde det, vart dei redde

8. og sa til Samuel: «Hald ikkje opp med å ropa til Herren vår Gud for oss, så han bergar oss frå filistarveldet.»

9. Då tok Samuel eit soglam og ofra det som heiloffer til Herren. Han ropa til Herren for Israel, og Herren svara han.

10. Medan Samuel bar fram brennofferet, rykte filistarane fram til strid mot israelittane. Men den dagen sende Herren eit sterkt torever over filistarane og sette slik støkk i dei at dei tapte for israelittane.

11. Då drog Israels-mennene ut frå Mispa; dei forfylgde filistarane til nedanfor Bet-Kar og slo dei.

12. Der tok Samuel ein stein og sette han opp mellom Mispa og Jesjana. Den kalla han «Hjelpesteinen» og sa: «Til no har Herren hjelpt oss.»

13. Såleis vart filistarane kua, og dei kom ikkje oftare innanfor Israels grenser. Herrens hand låg tungt på filistarane så lenge Samuel levde.

14. Dei byane som filistarane hadde teke frå Israel, kom under Israel att, heilt frå Ekron til Gat; og bygdene som låg ikring dei, vann Israel att frå filistarane. Mellom Israel og amorittane var det òg fred.

15. Samuel var domar i Israel så lenge han levde.

16. Kvart år drog han ikring til Betel, Gilgal og Mispa, og på alle desse stadene skifte han rett mellom israelittane.

17. Sidan fór han heim att til Rama; for der budde han, og der var han domar for Israel. I Rama bygde han eit altar for Herren.