Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

David sparer atter Sauls liv

1. Mennene frå Sif kom til Saul i Gibea og sa: «Du veit vel at David held seg løynd attmed Hakila-haugen, midt for Jesjimon.»

2. Då tok Saul ut og fór ned til Sif-øydemarka og ville leita etter David, og med han var tre tusen mann, som han hadde valt ut or heile Israel.

3. Saul slo leir på Hakila-haugen, som ligg attmed vegen midt for Jesjimon. David heldt til i øydemarka, og då han skjøna at Saul var komen etter han dit,

4. sende han ut speidarar og fekk vita for visst at Saul var der.

5. Så tok David ut og kom til den staden der Saul hadde slege leir. Han såg kvar Saul og hærføraren hans, Abner Nersson, hadde lagt seg til ro. Sjølv låg Saul midt i leiren, og krigsfolket hadde lagt seg rundt ikring han.

6. David tok til ords og spurde hetitten Akimelek og Abisjai, son til Seruja og bror til Joab: «Kven vil vera med meg ned i leiren til Saul?» Abisjai svara: «Eg vil vera med deg.»

7. Då David og Abisjai kom bort til hæren om natta, fekk dei sjå at Saul låg og sov midt i leiren. Spydet hans var stukke ned i jorda attmed hovudet hans, og Abner og krigsfolket låg rundt ikring han.

8. Abisjai sa til David: «I dag har Gud gjeve fienden din i di hand. Lat meg få renna spydet gjennom han og ned i jorda! Ein støyt er nok; meir trengst ikkje.»

9. Men David svara: «Drep han ikkje! Kven kan ustraffa leggja hand på den som Herren har salva?»

10. Og han heldt fram: «Så sant Herren lever: Herren skal sjølv slå han, anten no timen hans kjem, så han døyr, eller han dreg i hærferd og fell.

11. Herren fri meg frå å leggja hand på den han har salva! Men ta spydet som står attmed hovudet hans, og vasskrukka, og lat oss gå vår veg!»

12. Så tok David spydet og vasskrukka attmed hovudet til Saul, og dei gjekk sin veg. Ingen såg det, ingen merka det, og ingen vakna. Alle sov, for Herren hadde late ein tung svevn koma over dei.

13. Sidan gjekk David over til den andre sida av dalen og stod på ein fjellknaus langt borte. Det var eit godt stykke veg mellom dei.

14. Han ropa til hæren og til Abner Nersson: «Høyrer du meg, Abner?» Abner svara: «Kven er du som ropar hit over til kongen?»

15. David sa til Abner: «Du er ein mann som det ikkje finst maken til i Israel. Kvifor har du då ikkje halde vakt over herren din, kongen? Det har vore ein mann inne og vilja drepa kongen, herren din.

16. Det er ikkje bra, det du har gjort. Så sant Herren lever: De skulle døy alle saman, fordi de ikkje heldt vakt over herren dykkar, over han som Herren har salva. Sjå, her er spydet og vasskrukka til kongen! Dei stod attmed hovudet hans.»

17. Saul kjende att målet til David og ropa: «Er det ditt mål eg høyrer, David, son min?» David svara: «Ja, herre konge.»

18. Og han heldt fram: «Kvifor forfylgjer du tenaren din, herre? Kva gale har eg gjort? Kva vondt finn du hjå meg?

19. Høyr no, herre konge, kva tenaren din seier: Er det Herren som har eggja deg opp imot meg, så lat han få kjenna angen av offer. Men er det menneske, skal dei vera forbanna for Herrens åsyn, fordi dei no driv meg bort, så eg ikkje får bu i Herrens eige land, og seier: Gå din veg, og dyrk andre gudar!

20. Lat ikkje blodet mitt væta jorda langt borte frå Herrens åsyn! For Israels konge har drege ut og leitar etter ei loppe, som dei jagar rapphøner i heiane.»

21. Då sa Saul: «Eg har gjort urett. Kom heim att, David, son min! Eg skal ikkje gjera deg noko vondt meir sidan du sette livet mitt så høgt i dag. No ser eg at eg har bore meg uvitug åt og fare fælande vilt.»

22. David svara: «Sjå her er spydet ditt, konge! Lat ein av mennene dine koma over og henta det!

23. Herren løner den som er rettferdig og trufast. For det var Herren som gav deg i mi hand i dag; men eg ville ikkje leggja hand på den han har salva.

24. Gjev Herren må halda mitt liv like gjævt som eg har halde ditt liv i dag, og fria meg ut or all naud.»

25. Då sa Saul til David: «Velsigna vere du, David, son min! Alt du tek deg føre, skal lukkast for deg.» Så fór David sin veg, og Saul drog heim att.