Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

David i Nob

1. No fór David til presten Akimelek i Nob. Då kom Akimelek skjelvande imot han og spurde: «Kvifor er du åleine og har ingen med deg?»

2. David svara: «Kongen gav meg eit ærend å greia. Men samstundes sa han til meg: Ingen må få vita noko om det ærendet eg sender deg i og har sett deg til å greia. Difor har eg sagt at mennene mine skal møta på fastsett stad.

3. Har du noko mat for handa, så lat meg få det – fem-seks brød eller det som måtte finnast.»

4. Presten sa til David: «Vanleg brød har eg ikkje, men vigsla brød kan du få – berre mennene dine har halde seg frå kvinner!»

5. David svara: «Ver trygg, kvinner har vi ikkje hatt høve til å vera saman med i fleire dagar. Då eg tok ut, var mennene reine, endå det er ei vanleg ferd vi gjer. Kor mykje meir må dei ikkje då vera reine i dag?»

6. Så gav presten han vigsla brød. For det fanst ikkje anna brød der enn skodebrøda, som hadde lege for Herrens åsyn, men vorte borttekne, så nytt brød kunne leggjast fram same dagen som det gamle vart utskift.

7. Den dagen laut ein av mennene til Saul halda seg inne, for Herrens åsyn. Mannen heitte Doeg og var frå Edom. Han var den sterkaste av gjætarane til Saul.

8. Så sa David til Akimelek: «Har du ikkje eit spyd eller eit sverd her? Eg fekk korkje sverdet eller dei andre våpna med meg, for det hadde slik hast med kongens ærend.»

9. Presten svara: «Jau, sverdet åt filistaren Goliat, som du slo i hel i Terebintedalen, heng bak efoden, sveipt i eit klede. Vil du ha det, så ta det! Det er ikkje noko anna sverd her.» David sa: «Det finst ikkje maken til det; lat meg få det!»

David hjå kong Akisj i Gat

10. Same dagen tok David ut og rømde for Saul. Og han kom til Akisj, kongen i Gat.

11. Mennene åt Akisj sa til han: «Er ikkje dette David, kongen i landet? Var det ikkje han kvinnene song om medan dei dansa:Saul felte fiendar i tusental,men David i titusental?»

12. David merka seg vel det dei sa, og han var svært redd for Akisj, kongen i Gat.

13. Difor skapte han seg galen og slo seg vill når dei kom nær han; han tromma på portdørene og sikla i skjegget.

14. Då sa Akisj til mennene sine: «De ser då at mannen er frå vitet. Kvifor kjem de til meg med han?

15. Har eg ikkje nok av galne folk, sidan de kjem hit med han der, så eg skal plagast med galskapen hans? Skulle slik ein få koma i mitt hus?»