Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Hærferda mot amalekittane

1. To dagar etter kom David og mennene hans til Siklag. Då hadde amalekittane gjort ei herjeferd mot Negev og Siklag. Siklag hadde dei herja og brent.

2. Kvinnene og alle som var der, både små og store, hadde dei teke til fange. Dei hadde ikkje drepe nokon, men teke dei med seg og fare sin veg.

3. Då David og mennene hans kom heim, var byen brend, og konene og sønene og døtrene deira bortførte.

4. Dei brast i gråt, både David og folket som fylgde han, og dei gret til dei ikkje orka meir.

5. Dei to konene til David, Akinoam frå Jisre’el og Abigajil, enkja etter Nabal frå Karmel, var òg bortførte.

6. Sjølv var David i store vanskar. For folket sa at dei ville steina han, så harme og sorgfulle var dei alle av di dei hadde mist sønene og døtrene sine.Men David søkte styrke hjå Herren sin Gud.

7. Og han sa til presten Abjatar, son til Akimelek: «Kom hit med efoden!» Så kom Abjatar med efoden.

8. Og David spurde Herren til råds: «Skal eg setja etter denne røvarflokken? Kan eg nå dei att?» Herren svara: «Set etter dei! Du skal nå dei att og berga fangane.»

9. Så tok David i veg med dei seks hundre mennene som fylgde han, og dei kom til Besor-dalen. Der vart nokre av dei att.

10. David sette etter fienden med fire hundre mann. To hundre var att; dei var for trøytte til å gå over Besor-dalen.

11. Ute på marka fann dei ein egyptar. Dei tok han med seg til David og gav han mat å eta og vatn å drikka.

12. Han fekk òg eit stykke fikenkake og to rosinkaker. Då han hadde ete, kom han til krefter att. Han hadde ikkje smaka vått eller turt på tre døger.

13. David spurde han: «Kven høyrer du til, og kvar er du ifrå?» Han svara: «Eg er ein egyptisk gut og er træl hjå ein amalekitt. Husbonden min gjekk frå meg her for tre dagar sidan fordi eg vart sjuk.

14. Vi hadde herja i Negev, både mellom kretarane, judearane og kalebittane, og Siklag hadde vi brent.»

15. Då sa David til han: «Vil du føra meg ned til denne røvarflokken?» Guten svara: «Sver du ved Gud at du ikkje vil drepa meg eller gje meg i hendene på husbonden min, så skal eg syna deg vegen ned til røvarflokken.»

16. Så fylgde han David dit. Og der låg ransmennene spreidde ut over heile marka. Dei åt og drakk og heldt fest på alt det store hærfanget dei hadde teke i Filistarlandet og i Juda.

17. David hogg dei ned; han heldt på frå grålysinga til det vart kveld dagen etter. Ingen av dei slapp unna, så nær som fire hundre unge menn som kasta seg på kamelane og rømde.

18. Såleis berga David alt det som amalekittane hadde teke. Dei to konene sine berga han òg.

19. Ingen var sakna, korkje liten eller stor, søner eller døtrer, og heller ikkje noko av hærfanget eller av det som ransmennene elles hadde teke med seg. Alt saman tok David att.

20. Dei tok alt småfeet og storfeet, dreiv bølingen saman framfor han og sa: «Dette er Davids hærfang.»

21. Då David kom til dei to hundre mennene som hadde vore for trøytte til å fylgja han, dei han hadde late vera att i Besor-dalen, kom dei ut imot han og flokken som var med han. David gjekk fram til mennene og helsa på dei.

22. Då var det nokre vonde og gudlause menn i fylgjet hans som tok til ords og sa: «Sidan dei ikkje var med oss, vil vi ikkje gje dei noko av hærfanget som vi har berga. Berre konene og borna sine må dei alle få med seg når dei fer heim.»

23. Men David svara: «Far ikkje så åt, brør, med det som Herren har gjeve oss. Han har verna oss og hjelpt oss til å få tak i røvarflokken som kom over oss.

24. Ingen held med dykk i dette. For den som går med i striden, skal ikkje ha meir av hærfanget enn den som vert att ved trenet. Dei skal dela likt.»

25. Og så har det vore frå den dagen. Han gjorde det til lov og rett i Israel, som det er den dag i dag.

26. Då David kom til Siklag, sende han noko av hærfanget til dei eldste i Juda og til venene sine med desse orda: «Her er ei gåve til dykk av hærfanget som eg har teke frå Herrens fiendar.»

27. Han sende gåver til dei i Betel, i Ramot-Negev, i Jattir,

28. i Aroer, i Sifmot, i Esjtemoa,

29. i Rakal, i jerakme’elittbyane, i kenittbyane,

30. i Horma, i Bor-Asjan, i Atak,

31. i Hebron og alle dei andre stadene der han og mennene hans hadde vanka.