Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Akab og profeten Mika Jimlason

1. No heldt aramearane og israelittane seg i ro i tre år; det var ingen ufred mellom dei.

2. Men tredje året fór Josjafat, kongen i Juda, ned til kongen i Israel.

3. Då sa Israels-kongen til mennene sine: «Veit de ikkje at Ramot i Gilead høyrer oss til? Og så sit vi i ro og tek ikkje byen frå aramearkongen!»

4. Og til Josjafat sa han: «Vil du vera med meg på ei hærferd mot Ramot i Gilead?» Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»

5. Men sidan sa Josjafat: «Spør fyrst Herren til råds!»

6. Då kalla Israels-kongen saman profetane, om lag fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far du! Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

7. Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?»

8. Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han; for han spår meg aldri noko godt, berre vondt. Det er Mika Jimlason.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»

9. Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skunda deg og henta Mika Jimlason!»

10. Imedan sat Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjevoll utmed byporten i Samaria, og alle profetane stod framføre dei og sa fram spådomane sine.

11. Då laga Sidkia, son til Kena’ana, seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.»

12. Og alle dei andre profetane spådde like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

13. Sendebodet som hadde gått av stad og skulle henta Mika, sa til han: «Dei andre profetane spår alle som ein at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du òg!»

14. Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det Herren seier til meg, det må eg tala.»

15. Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far du, så skal du ha lukka med deg! Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

16. Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»

17. Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreitt utover fjella som ein saueflokk utan gjætar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»

18. Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa deg: Han spår meg aldri noko godt, berre vondt?»

19. Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod ikring han, somme på høgre og somme på venstre sida.

20. Då spurde Herren: «Kven vil dåra Akab, så han gjer ei hærferd til Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.

21. Då gjekk ånda fram, stod for Herrens åsyn og sa: «Eg skal dåra han.» «Korleis?» spurde Herren.

22. Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du kan få dåra han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»

23. Så har då Herren lagt ei lygnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Men han har varsla ulukke for deg.

24. Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og gav Mika eit slag på kinnet og sa: «Korleis har Herrens Ande fare over frå meg for å tala til deg?»

25. Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ein stad der du kan gøyma deg.»

26. Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til byhovdingen Amon og kongssonen Joasj

27. og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel, og lat han leva på vatn og brød til eg kjem uskadd heim att!»

28. Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til : «Høyr dette, alle folkeslag!»

Akab fell

29. Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.

30. Og Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg den vanlege kledebunaden din.» Så kledde Israels-kongen seg ut og gjekk i striden.

31. No hadde aramearkongen sagt frå til dei trettito hovdingane for stridsvognene sine: «De skal ikkje ta på nokon, anten dei er små eller store, anna enn på Israels-kongen.»

32. Då hovdingane for stridsvognene fekk auga på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så snudde dei seg dit og ville strida mot han. Då sette Josjafat i eit høgt rop.

33. Og straks vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg bort frå han.

34. Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjestakken og brynja. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg ut or slaget! Eg er såra.»

35. Striden vart hardare og hardare den dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna, så han kunne fylgja striden mot aramearane. Blodet rann frå såret ned i vogna, og då kvelden kom, døydde han.

36. Ved soleglad gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!»

37. Såleis døydde kongen, og dei førte han til Samaria og gravla han.

38. Og då dei skylde vogna ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans, medan skjøkjene lauga seg der. Det gjekk som Herren hadde sagt.

39. Det som elles er å seia om Akab og alt det han gjorde, om elfenbeinshuset han reiste, og alle byane han bygde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

40. Så gjekk Akab til kvile hjå fedrane sine, og Akasja, son hans, vart konge etter han.

Kong Josjafat i Juda

41. Då Akab hadde vore konge i Israel i fire år, vart Josjafat, son til Asa, konge i Juda.

42. Han var trettifem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilki.

43. Josjafat fylgde i eitt og alt den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens augo.

44. Likevel vart ikkje offerhaugane nedlagde; folket heldt fram med å slakta og ofra på haugane.

45. Josjafat levde i fred med kongen i Israel.

46. Det som elles er å seia om Josjafat og dei storverk han gjorde, og krigane han førte, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

47. Resten av dei som dreiv tempelutukt og som var att frå den tid Asa, far hans, levde, jaga han ut or landet.

48. Den gongen var det ingen konge i Edom. Ein statthaldar stod for styret der.

49. Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle gå til Ofir etter gull. Men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.

50. Den gongen sa Akasja, son åt Akab, til Josjafat: «Lat mine folk fara saman med dine på skipa!» Men det ville ikkje Josjafat.

51. Så gjekk Josjafat til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i fedregrava i byen åt David, far sin, og Joram, son hans, vart konge etter han.

Kong Akasja i Israel

52. Då Josjafat hadde vore konge i Juda i sytten år, vart Akasja, son til Akab, konge over Israel i Samaria. Han styrte i Israel i to år.

53. Akasja gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han fylgde den same vegen som far hans og mor hans hadde fylgt, og som Jeroboam Nebatsson hadde fylgt, han som fekk Israel til å synda.

54. Han dyrka Ba’al og kasta seg ned for han og harma Herren, Israels Gud, heilt og fullt som far hans hadde gjort.