Då kalla Israels-kongen saman profetane, om lag fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far du! Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»