Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Salomo byggjer templet

1. Salomo tok til å byggja Herrens hus i det 480. året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, i siv månad, som er den andre månaden. Salomo var då konge i Israel på fjerde året.

2. Huset som kong Salomo bygde for Herren, var seksti alner langt, tjue alner breitt og tretti alner høgt.

3. Forhalla framfor tempelromet var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og ti alner brei, mælt ut frå huset.

4. På huset laga han vindaugo med skrånande karmar og gitter.

5. Rundt den ytre husmuren, både langs tempelhalla og det inste romet, reiste han eit tilbygg, og der laga han siderom.

6. Den nedste høgda var fem alner brei, den mellomste seks og den øvste sju. For han hadde laga avsatsar rundt ikring på utsida av huset, så han slapp å føra bjelkane inn i sjølve tempelveggen.

7. Då huset vart reist, bygde dei det av stein som var tilhoggen i steinbrotet. Det høyrdest korkje hamar eller meisel eller nokon annan jernreiskap i huset då det vart bygt.

8. Døra inn til nedste høgda i tilbygget var på sørsida av huset. Ei tropp førte opp i mellomste høgda og derifrå opp i tredje høgda.

9. Då Salomo hadde reist tempelbygget, tekte han det med bjelkar og bord av sedertre.

10. I tilbygget som han reiste kring heile huset, var kvar høgd fem alner. Det var fest til huset med sederbjelkar.

11. Då kom Herrens ord til Salomo, og det lydde så:

12. «No byggjer du dette huset. Dersom du då ferdast etter føresegnene mine, held lovene mine, aktar på alle boda mine og fylgjer dei, så vil eg gjera mot deg etter det ordet eg gav David, far din.

13. Eg vil bu midt imellom israelittane og ikkje skiljast frå Israel, folket mitt.»

14. Så bygde Salomo huset og gjorde det ferdig.

15. Han kledde veggene i huset innvendes med sederbord. Frå golvet til takbjelkane kledde han dei med tre, og golvet la han med sypressbord.

16. Tjue alner fram frå baksida på huset reiste han ein vegg av sederbord, som rakk frå golvet opp til takbjelkane. Bak veggen bygde han det inste romet. Det var Det høgheilage.

17. Tempelhalla framfor det inste romet var førti alner lang.

18. Innvendes var huset prydt med utskurd i sedertre, av graskar og utsprotne blomar. Alt var lagt med sedertre; steinen synte ikkje nokon stad.

19. Inst i templet bygde han Det høgheilage; der skulle Herrens paktkiste stå.

20. Dette romet, som var tjue alner langt, tjue alner breitt og tjue alner høgt, kledde han med fint gull. Framfor Det høgheilage sette Salomo eit altar; det kledde han med sedertre.

21. Salomo kledde huset innvendes med fint gull. Han hengde gullkjeder bortover veggen framfor det inste romet og kledde han med gull.

22. Heile huset kledde han med gull, frå ende til annan. Og heile altaret som stod framfor det inste romet, kledde han med gull.

23. I det inste romet laga han to kjerubar av oliventre; dei var ti alner høge.

24. Den eine kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang, og hin vengen var òg fem alner. Det var ti alner frå vengespiss til vengespiss.

25. Den andre kjeruben var òg ti alner mellom vengespissane. Begge kjerubane var like store og like å sjå til.

26. Den eine kjeruben var ti alner høg, og det var den andre òg.

27. Desse kjerubane sette han i det inste romet i huset. Og dei breidde ut vengene sine, så vengen på den eine rakk bort til den eine veggen, og vengen på den andre rakk bort til den andre veggen, og dei to andre vengene nådde i hop midt i templet.

28. Han kledde kjerubane med gull.

29. Alle veggene i huset prydde han med utskorne bilete av kjerubar, palmer og utsprotne blomar, både i det indre og det ytre romet.

30. Golvet i huset la han med gull, både i det indre og det ytre romet.

31. Ved inngangen til det inste romet sette han ei vengedør av oliventre. Dørkarmane skråna innover i fem avsatsar.

32. Dei to vengedørene av oliventre prydde han med utskjeringar av kjerubar, palmer og utsprotne blomar, og han kledde dei med gull, som han la over kjerubane og palmene.

33. Like eins laga han dørstolpar av oliventre for inngangen til tempelhalla. Dørkarmane skråna innover i fire avsatsar.

34. Dei to dørvengene var av sypresstre. Begge dørvengene hadde to halvdører, som kunne svingast.

35. Han prydde dei med utskorne kjerubar, palmer og utsprotne blomar og kledde dei med gull som vart lagt jamt utover utskjeringane.

36. Han bygde den indre føregarden med tre lag hoggen stein og eitt lag sederbjelkar.

37. Grunnvollen til Herrens hus vart lagd i det fjerde året, i siv månad;

38. og i det ellevte året, i bul månad, som er den åttande månaden, gjorde Salomo huset ferdig med alt som til høyrde, og i eitt og alt som det skulle vera. Då hadde han bygt på det i sju år.