Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då kom Herrens ord om Basja til Jehu Hananison, og det lydde så:

2. «Eg har lyft deg opp or støvet og sett deg til fyrste over Israel, folket mitt. Men du har fylgt den same vegen som Jeroboam og fått Israel, folket mitt, til å synda. Og dei har harma meg med syndene sine.

3. Difor vil eg no sopa etter Basja og ætta hans. Eg vil gjera med di ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson.

4. Den av Basjas ætt som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»

5. Det som elles er å seia om Basja og det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

6. Så gjekk Basja til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge etter han.

7. Men gjennom profeten Jehu Hananison hadde Herrens ord alt nått Basja og hans ætt, ikkje berre for alt det vonde han gjorde for Herrens augo då han vekte harmen hans på same vis som Jeroboams-ætta, men òg fordi han hadde tynt heile den ætta.

Kong Ela i Israel

8. I det tjuesjette året Asa var konge i Juda, vart Ela, son til Basja, konge i Israel. Han styrte i Tirsa i to år.

9. Ein av mennene hans, som heitte Simri og var hovding over halvparten av stridsvognene, fekk til ei samansverjing mot han. Ein gong han var i Tirsa og drakk seg eit rus hjå Arsa, slottshovdingen der,

10. kom Simri dit og slo han i hel. Det hende i det tjuesjuande styringsåret åt Juda-kongen Asa. Og så vart Simri konge etter Ela.

11. Med det same han hadde vorte konge og sett seg på kongsstolen, slo han i hel heile Basjas ætt. Han sparte ikkje ein einaste mann, korkje av dei næraste frendane eller venene hans.

12. Simri rudde ut heile Basjas ætt, så som Herren hadde sagt til Basja gjennom profeten Jehu.

13. For Basja og Ela, son hans, hadde synda og fått israelittane med på all si synd, og med dei gagnlause gudane sine hadde dei harma Herren, Israels Gud.

14. Det som elles er å seia om Ela og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

Kong Simri i Israel

15. I det tjuesjuande året Asa var konge i Juda, vart Simri konge. Han styrte i Tirsa i sju dagar. Hæren låg den gongen i leir kring Gibbeton, som høyrde filistarane til.

16. Same dagen som alle israelittane i leiren fekk høyra at Simri hadde fått til ei samansverjing og slege kongen i hel, då gjorde dei der i leiren hærføraren Omri til konge over Israel.

17. Så drog Omri opp frå Gibbeton med heile hæren, og dei kringsette Tirsa.

18. Då Simri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgtårnet i slottet, brende slottet opp over hovudet på seg og døydde.

19. Dette hende fordi han hadde synda og gjort det som vondt var i Herrens augo. Han hadde fylgt den same vegen som Jeroboam, gjort dei same syndene som han og fått israelittane med på dei.

20. Det som elles er å seia om Simri og den samansverjinga han fekk til, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

21. No delte Israels-folket seg i to. Den eine halvparten fylgde Tibni, son til Ginat, og ville ta han til konge; den andre halvparten fylgde Omri.

22. Dei som heldt med Omri, fekk overtaket over dei som heldt med Tibni, son til Ginat. Så døydde Tibni, og Omri vart konge.

Kong Omri i Israel

23. I det trettifyrste året Asa var konge i Juda, vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrte han i seks år.

24. Omri kjøpte Samaria-fjellet av Sjemer for to talentar sølv. Der bygde han ein by og kalla han Samaria etter Sjemer, som hadde ått fjellet.

25. Omri gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han bar seg jamvel verre åt enn alle dei som hadde vore før han.

26. Han fylgde i eitt og alt den same vegen som Jeroboam Nebatsson og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Med dei gagnlause gudane sine harma han Herren, Israels Gud.

27. Det som elles er å seia om Omri og det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

28. Så gjekk Omri til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Akab, son hans, vart konge etter han.

Kong Akab i Israel

29. I det trettiåttande året Asa var konge i Juda, vart Akab, son til Omri, konge i Israel. Han styrte Israel i Samaria i tjueto år.

30. Akab, son til Omri, gjorde det som vondt var i Herrens augo, endå meir enn alle dei som hadde vore før han.

31. Det var ikkje nok med at han gjorde dei same syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort. Men han gifte seg med Jesabel, dotter til Etba’al, sidonarkongen, og gav seg til å dyrka Ba’al og kasta seg ned for han.

32. I det Ba’al-templet han bygde i Samaria, reiste han eit altar for Ba’al.

33. Akab fekk òg laga ein Asjera-påle, og han gjorde endå meir som harma Herren, Israels Gud. Han bar seg verre åt enn alle dei som hadde vore kongar i Israel før han.

34. I Akabs tid bygde Hiel frå Betel opp att Jeriko. Då han la grunnvollen, kosta det han Abiram, eldste son hans, og då han sette opp portane, kosta det han Segub, yngste son hans. Såleis vart det oppfylt, det ordet Herren hadde tala gjennom Josva Nunsson.