Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Davids-riket vert delt

1. Rehabeam fór til Sikem; for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge.

2. Dette fekk Jeroboam Nebatsson høyra. Han var endå i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo, og der budde han.

3. No sende dei bod etter han. Og så kom han og heile Israels-lyden til Rehabeam og sa:

4. «Far din la eit tungt åk på oss. Men lettar no du det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.»

5. Han svara: «Gå bort og venta i tre dagar! Kom så hit att til meg!» Så gjekk folket sin veg.

6. Kong Rehabeam samrådde seg fyrst med dei gamle, som hadde gjort teneste hjå Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?»

7. Dei sa: «Høyrer du på folket i dag, gjer du dei til viljes og gjev dei eit velviljug svar, så kjem dei til å tena deg alle dine dagar.»

8. Men Rehabeam brydde seg ikkje om det rådet dei gamle gav. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han og no gjorde teneste hjå han.

9. «Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket som far min la på dei.»

10. Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Så skal du seia til dette folket som sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Gjer no du det lettare for oss! – så skal du svara dei: Litlefingeren min er tjukkare enn midja åt far min.

11. Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»

12. Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, så som kongen hadde bede dei då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!»

13. Kongen gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om det rådet dei gamle hadde gjeve han,

14. men svara så som dei unge hadde rådt han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»

15. Kongen høyrde ikkje på folket. Herren laga det så, fordi han ville oppfylla det ordet han hadde tala til Jeroboam Nebatsson gjennom Akia frå Sjilo.

16. Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret:«Kva del har vi i David?Vi har ingen lut i Isai-sonen.Heim til telta dine, Israel!Syt no, David, ¬for ditt eige hus!»Så fór israelittane heim att.

17. Og Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i Juda-byane.

18. Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel, og Rehabeam sjølv laut i all hast stiga opp i vogna si og røma til Jerusalem.

19. Såleis fall Israel frå Davids-ætta, og såleis har det vore til denne dag.

Jeroboam vert konge over dei ti ættene

20. Då Israels-folket fekk høyra at Jeroboam var komen heim att, sende dei bod etter han og henta han til tings. Der gjorde dei han til konge over heile Israel. Berre Juda-ætta heldt seg til Davids hus.

21. Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Juda-folket og Benjamins-ætta, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israels-riket og vinna kongedømet att åt Rehabeam, son til Salomo.

22. Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja, og det lydde så:

23. «Sei til Rehabeam, son til Salomo, kongen i Juda, og til heile Juda- og Benjamins-ætta og alt hitt folket:

24. Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot israelittane, brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og fór heim att, som Herren hadde sagt.

Heilagdomane i Betel og Dan

25. Jeroboam bygde ut Sikem i Efraims-fjella og busette seg der. Sidan flytte han bort derifrå og bygde opp att festningsverka i Penuel.

26. Jeroboam tenkte med seg: «Riket kunne snart gå attende til Davids-ætta.

27. Skal dette folket fara opp til Jerusalem og bera fram offer i Herrens hus, kjem dei atter til å venda hugen til den gamle herren sin, Juda-kongen Rehabeam. Så drep dei meg og gjev seg under han att.»

28. Kongen heldt råd, og så laga han to gullkalvar og sa til folket: «No har de lenge nok fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, dei som førte deg opp frå Egypt.»

29. Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan.

30. Dette vart opphav til synd. Folket gjekk heilt til Dan og steig fram for gullkalven der.

31. Jeroboam bygde òg hus på offerhaugane og sette kven han ville til prestar, endå dei ikkje var av Levi-ætta.

Domsord mot altaret i Betel

32. Den femtande dagen i den åttande månaden heldt Jeroboam ei høgtid liksom den store høgtida i Juda, og han bar fram offer på altaret. I Betel gjorde han det så: Han ofra til kalvane han hadde laga, og lét prestar frå offerhaugane som han hadde skipa til, gjera teneste i Betel.

33. Offeret bar han fram på det altaret han hadde bygt i Betel. Det var den femtande dagen i den åttande månaden, ein dag han hadde valt etter eige hovud. Då lét han israelittane halda høgtid, og sjølv steig han opp til altaret og ville ofra der.