Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Salomo byggjer kongsgarden

1. Salomo bygde på kongsgarden sin i tretten år før han fekk han ferdig.

2. Fyrst bygde han Libanon-skoghuset. Det var hundre alner langt, femti alner breitt og tretti alner høgt. Det hadde fire rader med søyler av sedertre, og oppå søylene var det sederbjelkar.

3. Over sideroma, som kvilte på søylene, var det eit tak av sedertre. I alt var det førtifem rom, femten i kvar rad.

4. I huset var det tre rader vindaugo med karmar. Vindaugo låg midt for kvarandre i tre høgder.

5. Alle dørene og vindaugo hadde firkanta karmar og vende beint imot kvarandre i tre høgder.

6. Så bygde han søylehalla, som var femti alner lang og tretti alner brei. Framfor den var det ei forhall med søyler, og framfor den att eit skjermtak.

7. Sidan bygde han tronhalla, der han sat og dømde, Domshalla. Han kledde henne med sedertre frå golvet til takbjelkane.

8. Hans eige hus, det som han budde i, låg i den andre garden innanfor forhalla. Det var bygt på same måten. Salomo bygde òg eit hus for dotter til farao, som han hadde teke til kone. Det òg likna forhalla.

9. Alle desse bygningane var av dyre steinar, som var hogne etter mål. Dei var skorne til med steinsag både på innsida og utsida, frå grunnvollen opp til murkransen og frå utkanten av borga inn til den store borggarden.

10. Grunnmuren var av store og dyre steinar, steinar på ti alner og på åtte alner.

11. Over dei var det dyre steinar, som var hogne etter mål, og sedertre.

12. Rundt den store borggarden var det tre lag med hoggen stein og eitt lag med sederbjelkar. Såleis var det òg rundt den indre føregarden til Herrens hus og rundt forhalla til slottet.

Utstyret til templet

13. Kong Salomo sende bod etter Hiram frå Tyrus.

14. Han var son til ei enkje av Naftali-ætta, og far hans var ein koparsmed frå Tyrus. Hiram var ein dugande mann og hadde godt skjøn og stor kunnskap, så han kunne gjera allslags arbeid i bronse. Han kom til Salomo og gjorde alt det arbeidet kongen ville ha gjort.

15. Hiram støypte dei to bronsesøylene. Den eine søyla var atten alner høg, og det trongst ei snor på tolv alner om ho skulle nå rundt henne. Den andre søyla var like stor.

16. Så laga han to søylehovud til å setja på toppen av søylene. Dei var støypte av bronse, og kvart av dei var fem alner høgt.

17. På søylehovuda øvst på søylene var det flettverksarbeid. Og på kvart søylehovud hang det sju snorer som likna kjeder.

18. Han laga to rader med granateple kring det eine av flettverka som skulle dekkja søylehovuda øvst på søylene. Såleis gjorde han med det andre søylehovudet òg.

19. Søylehovuda øvst på søylene i forhalla var på skap som lotusblomar og mælte fire alner.

20. På begge søylehovuda, rett ovanfor utbuktninga på den andre sida av flettverket, var det granateple. Dei var to hundre i talet og hang i rader rundt ikring søylehovuda.

21. Han reiste søylene attmed forhalla til templet. Den søyla som han sette på høgre sida, kalla han Jakin, og den han sette på venstre sida, kalla han Boas.

22. Øvst på søylene var det støypt lotusblomar. Så var arbeidet med søylene fullført.

23. Sidan laga han det støypte havet. Det var heilt rundt og mælte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og det trongst ei snor på tretti alner om ho skulle nå rundt det.

24. Nedanfor kanten var det graskar rundt ikring, ti på kvar alen. Det var to rader med graskar, og dei var støypte i eitt med havet.

25. Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei.

26. Sjølve karet var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit staup, forma som ein lotusblom. Det tok to tusen bat.

27. Så laga han ti fotstykke for offerkjelar. Dei var av bronse, og alle var fire alner lange, fire alner breie og tre alner høge.

28. Fotstykka var laga såleis: Dei hadde tverrlister, og tverrlistene låg mellom rammelistene.

29. På tverrlistene mellom rammelistene var det løver, oksar og kjerubar, og det var det på rammelistene òg. Over og under løvene og oksane var det kransar av hamra arbeid.

30. Kvart fotstykke hadde fire hjul av bronse og åsar av bronse. På dei fire føtene var det berearmar, som var støypte på under kjelen. Bak kvar av dei var det kransar.

31. Opninga for kjelen var innanfor kransen og nådde ei alen opp over han. Ho var rund og hadde eit underlag på halvanna alen. På opninga var det utskjeringar. Men tverrlistene var firkanta, ikkje runde.

32. Dei fire hjula var under tverrlistene, og hjulåsane sat på fotstykket. Kvart hjul var halvanna alen høgt.

33. Hjula var laga som vognhjul; åsane, hjulringane, eikene og nava – alt saman var støypt.

34. Dei fire berearmane var feste til dei fire hjørna på kvart fotstykke. Berearmane var støypte i eitt med fotstykket.

35. Øvst på kvart fotstykke gjekk det ei runding som var ei halv alen høg. Handtaka og berearmane sat øvst på fotstykket og var støypte i eitt med det.

36. På flatsida av handtaka og på berearmane skar han ut kjerubar, løver og palmer etter som det var rom til, og kransar rundt ikring.

37. Såleis laga han dei ti fotstykka for offerkjelar. Dei var alle støypte på same vis og hadde same mål og form.

38. Så laga han ti kjelar av bronse. Kvar kjel tok førti bat og var fire alner i tverrmål. Det var ein kjel for kvart av dei ti fotstykka.

39. Fem av fotstykka sette han på sørsida av templet og fem på nordsida. Havet sette han på sørsida, ved det søraustre hjørnet.

40. Hiram laga oskefata, eldskuflene og offerskålene. Dermed hadde han fullført alt det arbeidet han skulle gjera for kong Salomo til Herrens hus:

41. to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to flettverksarbeid til å dekkja dei to skålene;

42. dei fire hundre granatepla til dei to flettverka, to rader med granateple til kvart flettverk, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene;

43. dei ti fotstykka med dei ti kjelane på;

44. havet – det var berre eitt – med dei tolv oksane under;

45. oskefata, eldskuflene og offerskålene. Alt dette som Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av skinande bronse.

46. Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den faste leirjorda mellom Sukkot og Saretan.

47. Salomo lét vera å vega alle desse tinga, fordi mengda var så stor. Ingen kunne seia kor mykje bronsen vog.

48. Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet som skodebrøda skulle liggja på;

49. ljosestakane framfor det inste romet, fem på sørsida og fem på nordsida, av fint gull, med blomar; ljosesaksene og tengene av gull;

50. bollane, knivane, offerskålene, kannene og glopannene av fint gull. På utsida var dørene til det inste romet i huset, til Det høgheilage, og dørene til tempelhalla lagde med gull.

51. Så var det fullført, alt arbeidet som kong Salomo hadde late gjera på Herrens hus. Og han flytte dit det som David, far hans, hadde vigt til Herren, både sølvet og gullet og kara. Han la det inn i skattkammera i Herrens hus.