Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dronninga av Saba gjestar Salomo

1. Då dronninga av Saba fekk høyra gjetordet om Salomo, det som gjekk om han for Herrens namn skuld, kom ho og ville prøva han med gåter.

2. Ho kom til Jerusalem med eit stort fylgje, med kamelar som bar krydder, store mengder gull og dyre steinar. Då ho steig fram for Salomo, tala ho med han om alt som låg henne på hjarta.

3. Og Salomo gav henne svar på alt det ho spurde om. Det fanst ikkje den ting som var duld for kongen, så han ikkje kunne gje henne svar.

4. No såg ho det sjølv, Saba-dronninga, kor vis Salomo var. Og ho såg huset han hadde bygt,

5. rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, skjenkjarsveinane hans og brennoffera som han bar fram i Herrens hus. Ho var reint frå seg av undring

6. og sa til kongen: «Så var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!

7. Eg ville ikkje tru det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne augo. Men no ser eg at dei ikkje har fortalt meg halvparten; du er både visare og rikare enn eg har høyrt.

8. Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane dine, som alltid får stå framfor deg og høyra visdomen din!

9. Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på Israels kongsstol. Fordi Herren alltid har Israel kjær, har han sett deg til konge, så du skal fremja rett og rettferd.»

10. Så gav ho kongen hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd med krydder og dyre steinar. Det har aldri sidan kome slik ei mengd med krydder til landet som det Saba-dronninga gav kong Salomo.

11. Elles hadde skipa til Hiram, som henta gull frå Ofir, med seg store mengder sandeltre og dyre steinar derifrå.

12. Av sandeltreet fekk kongen laga rekkverk til Herrens hus og kongsgarden og lyrer og harper til songarane. Aldri har det kome så mykje sandeltre til landet eller vore å sjå til denne dag.

13. Kong Salomo gav Saba-dronninga alt det ho hadde hug på og bad om, forutan det han gav henne i kongeleg venskapsgåve. Så tok ho av stad og fór heim att til landet sitt saman med tenarane sine.

Salomos rikdom

14. Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.

15. Til det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet.

16. Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sekel gull.

17. Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.

18. Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull.

19. Kongsstolen hadde seks troppesteg, og på baksida var det ein rund topp. På begge sider av setet var det stolarmar, og attmed stolarmane stod det to løver.

20. På dei seks troppestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Maken til kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.

21. Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alle reiskapane i Libanon-skoghuset var av fint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.

22. For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa åt Hiram. Ein gong tredjekvart år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.

23. Kong Salomo var rikare og visare enn alle andre kongar på jorda.

24. Frå alle verdsens kantar kom dei og ville sjå han og høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjarta hans.

25. Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kledebunader, våpen, krydder, hestar og muldyr.

26. Salomo la seg til vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem.

27. Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela.

28. Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue for betaling.

29. Kvar vogn som vart innført frå Egypt, kosta seks hundre sekel sølv, og kvar hest hundre og femti sekel. Sameleis henta dei vogner og hestar til alle hetittkongane og aramearkongane.