Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Elia på Horeb

1. Akab fortalde Jesabel om alt det Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetane med sverd.

2. Då sende ho ein mann til Elia med det bodet: «Gudane la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje i morgon på denne tid lèt det gå deg som dei.»

3. Då vart Elia redd, gjorde seg ferdig og drog av stad på harde livet. Han kom til Be’er-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han guten sin vera att,

4. og sjølv gjekk han ei dagslei ut i øydemarka. Der sette han seg under ein gyvelbusk og ynskte at han måtte få døy. «No er det nok,» sa han, «ta livet mitt, Herre! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.»

5. Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. Men best det var, kom ein engel og tok bortpå han og sa: «Stå opp og et!»

6. Og då han såg seg ikring, fekk han auga på eit lite nybakt brød og ei krukke med vatn tett attmed hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att.

7. Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: «Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.»

8. Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet.

9. Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta.Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: «Kva vil du her, Elia?»

10. Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»

11. Då sa Herren: «Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!» Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet.

12. Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing.

13. Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola.Då bar det imot han ei røyst som sa: «Kva vil du her, Elia?»

14. Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»

15. Då sa Herren til han: «Far attende og ta vegen til øydemarka ved Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane!

16. Og Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg.

17. Det skal gå så at den som slepp unna sverdet åt Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet åt Jehu, skal Elisja drepa.

18. Men eg vil spara sju tusen i Israel, alle som ikkje har bøygt kne for Ba’al og ikkje har kyst han med sin munn.»

Elisja vert kalla til profet

19. Då Elia fór bort frå Horeb, møtte han Elisja, son til Sjafat, som heldt på og pløgde. Tolv par oksar gjekk føre han, og sjølv fylgde han siste paret. Med det same Elia gjekk framom, kasta han kappa si over han.

20. Då lét Elisja oksane gå, sprang etter Elia og sa: «Lat meg fyrst få kyssa far og mor til avskil, så skal eg fylgja deg!» Elia svara: «Gå berre heim, du! For du veit kva eg har gjort med deg.»

21. Då snudde Elisja seg frå han. Han tok dei to oksane og slakta dei, og med åket koka han kjøtet. Det gav han til folket, og dei heldt måltid. Så reiste han seg og fylgde Elia, og han var tenaren hans.