Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Elia og ramnane

1. Elia frå Tisjbe, ein av innflyttarane i Gilead, sa til Akab: «Så sant Herren, Israels Gud, lever, han som eg tener: Dei fyrste åra skal det korkje koma dogg eller regn utan at eg seier det.»

2. Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så:

3. «Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg i Krit-dalen, austanfor Jordan!

4. Der kan du drikka or bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat åt deg.»

5. Så tok Elia ut og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til Krit-dalen, austanfor Jordan, og der gav han seg til.

6. Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk or bekken.

Elia og enkja i Sarepta

7. Men då det leid av ei tid, turka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet.

8. Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så:

9. «Ta ut og gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og gjev deg til der! Eg har sagt frå til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat åt deg.»

10. Så tok Elia ut og gjekk til Sarepta. Då han kom til byporten, fekk han sjå ei enkje som gjekk og sanka ved. Han ropa til henne og sa: «Henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!»

11. Då ho gjekk og ville henta vatn, ropa han etter henne: «Ta med deg eit stykke brød til meg òg!»

12. Ho svara: «Så sant Herren din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødbit; eg har berre ein neve mjøl i krukka og eit grann olje i krusa. No fer eg her og sankar nokre vedpinnar og vil gå heim og laga mat til meg og son min. Så vil vi eta og leggja oss til å døy.»

13. Elia sa til henne: «Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak fyrst eit lite brød av mjølet, og kom ut til meg med det! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din.

14. For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og oljen skal ikkje tryta i krusa til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda.»

15. Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og sidan hadde dei mat i lang tid, både han og ho og folket i huset hennar.

16. Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen traut ikkje i krusa. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia.

Elia vekkjer opp son til enkja

17. Ei tid etter at dette hadde hendt, vart son til kona som åtte huset, sjuk. Og sjukdomen tok han så hardt at det til sist ikkje var livspust i han.

18. Då sa ho til Elia: «Kva har eg med deg å gjera, gudsmann? Du er komen og vil minna meg om synda mi, så guten min skal døy.»

19. Han svara: «Lat meg få son din!» Så tok han guten or fanget hennar, bar han opp på tak-kammeret der han budde, og la han på senga si.

20. Han ropa til Herren og sa: «Herre, min Gud! Vil du verkeleg gjera så vondt mot denne enkja som eg får bu hjå, at du lèt son hennar døy?»

21. Så tøygde han seg tre gonger bortover barnet og ropa til Herren: «Herre, min Gud! Lat barnet få att livet!»

22. Og Herren høyrde bøna åt Elia. Guten fekk att livet; han livna til.

23. Elia tok barnet og bar det frå loftet og ned i stova. Han gav det til mora og sa: «Sjå, son din lever!»

24. Då sa kona til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herren verkeleg talar gjennom deg.»