Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kong Abia i Juda

1. I det attande styringsåret åt Jeroboam Nebatsson vart Abia konge i Juda.

2. Han styrte i Jerusalem i tre år. Mor hans heitte Ma’aka og var dotter til Absalom.

3. Abia fylgde den same vegen som faren og gjorde dei same syndene som han. Han heldt seg ikkje til Herren sin Gud av heile sitt hjarta, som David, ættefar hans, hadde gjort.

4. Men for Davids skuld lét Herren hans Gud ei lampe lysa for han i Jerusalem. Han gav han ein son som kunne fylgja etter han, og lét Jerusalem få stå.

5. For David gjorde det som rett var i Herrens augo. I heile sitt liv veik han ikkje av frå noko av det Herren hadde bode han, så nær som den gongen han synda mot hetitten Uria.

6. Abia hadde ufred med Jeroboam så lenge han levde.

7. Det som elles er å seia om Abia og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Abia og Jeroboam låg i strid med einannan.

8. Så gjekk Abia til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Asa, son hans, vart konge etter han.

Kong Asa i Juda

9. I det tjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asa konge i Juda.

10. Han styrte i Jerusalem i førtiein år. Farmor hans heitte Ma’aka og var dotter til Absalom.

11. Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans, hadde gjort.

12. Dei mennene som dreiv tempelutukt, jaga han ut or landet, og han fekk bort alle avgudane som fedrane hans hadde laga.

13. Han tok jamvel frå Ma’aka, farmor si, dei rettar som fylgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit grysjeleg bilete for Asjera. Dette biletet hogg han ned og brende det i Kedron-dalen.

14. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Likevel heldt Asa seg til Herren av heile sitt hjarta så lenge han levde.

15. Dei gåvene som far hans hadde vigt til Herren, og dei han sjølv hadde vigt, førte han til Herrens hus. Det var både sølv og gull og andre ting.

16. Mellom Asa og Basja, kongen i Israel, var det ufred så lenge dei levde.

17. Basja, Israels-kongen, gjorde ei hærferd mot Juda og bygde festningsverk i Rama, så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.

18. Då tok Asa fram alt sølvet og gullet som var att i skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden. Han gav det til mennene sine og sende dei til Benhadad, kongen i Aram, som var son til Tabrimmon og soneson til Hesjon og budde i Damaskus. Dei skulle seia til han:

19. «Som du veit, er det ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg ei gåve av sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, kongen i Israel, så han må fara bort frå meg.»

20. Benhadad gjorde som kong Asa sa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel og tok Ijjon, Dan, Abel-Bet-Ma’aka og alle Kinneret-bygdene, attåt heile Naftali-landet.

21. Då Basja fekk melding om det, heldt han opp med å byggja festningsverk i Rama. Han busette seg i Tirsa.

22. No kalla kong Asa inn alt mannskap i Juda – ingen vart friteken; og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde nytta då han bygde ut Rama. Med det reiste kong Asa festningsverk i Geba i Benjamin og i Mispa.

23. Det som elles er å seia om Asa, om alle storverka hans og alt det andre han gjorde, og om byane han bygde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. På sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føtene.

24. Så gjekk Asa til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd hjå dei i byen åt David, far sin, og Josjafat, son hans, vart konge etter han.

Kong Nadab i Israel

25. I det andre året Asa var konge i Juda, vart Nadab, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Israel i to år.

26. Nadab gjorde det som vondt var i Herrens augo; han fylgde den same vegen som faren og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

27. Basja, son til Akia av Jissakars-ætta, fekk til ei samansverjing mot Nadab og slo han i hel bortmed Gibbeton, ein by som høyrde filistarane til. Det hende medan Nadab og alle israelittane heldt byen kringsett.

28. Det var i tredje styringsåret åt Asa, Juda-kongen, at Basja drap Nadab og vart konge etter han.

29. Då han hadde vorte konge, slo han i hel heile Jeroboams ætt. Han sparte ikkje eit einaste liv i kongsætta, men rudde dei heilt ut. Då vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Akia frå Sjilo, tenaren sin.

30. Dette var straffa for dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fått israelittane til å gjera. For på den måten hadde han harma Herren, Israels Gud.

31. Det som elles er å seia om Nadab og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

32. Mellom Asa og Basja, kongen i Israel, var det ufred så lenge dei levde.

Kong Basja i Israel

33. I det tredje året Asa var konge i Juda, vart Basja, son til Akia, konge over heile Israel. Han styrte i Tirsa i tjuefire år.

34. Basja gjorde det som vondt var i Herrens augo; han fylgde den same vegen som Jeroboam og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.