Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Guds svar på Salomos bøn

1. Då Salomo hadde fullført Herrens hus, kongsgarden og alt det andre som han hadde hug til å gjera,

2. då synte Herren seg for han andre gongen, som han hadde synt seg for han i Gibeon,

3. og sa til han: Eg har høyrt den inderlege bøna som du bar fram for meg. Eg har helga dette huset som du har bygt, og vil la namnet mitt bu der til evig tid. Augo mine og hjarta mitt skal alltid vera vende mot det.

4. Ferdast du no for mitt åsyn med heilt hjarta og ærleg hug, som David, far din, gjorde, gjer du alt det eg har sagt deg, og held du boda og lovene mine,

5. så skal eg tryggja kongsstolen din i Israel til evig tid, så som eg lova David, far din, då eg sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol.

6. Men vender de dykk bort frå meg, de og borna dykkar, og ikkje held dei bod og føresegner som eg har lagt fram for dykk, gjev de dykk til å dyrka andre gudar og kasta dykk ned for dei,

7. då vil eg rydja israelittane ut or det landet eg gav dei. Og det huset som eg har helga for namnet mitt, vil eg føykja bort frå mitt åsyn, og Israel skal verta eit ordtak og eit spottord mellom alle folk.

8. Om dette huset er aldri så ruvande, skal alle som fer framom, fæla og spotta og spørja: «Kvifor har Herren fare så med dette landet og dette huset?»

9. Då skal folk svara: «Fordi dei vende seg bort frå Herren sin Gud, han som førte fedrane deira ut or Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka, difor har Herren ført all denne ulukka over dei.»

Byggjearbeid og handel

10. Då dei tjue åra var lidne som Salomo hadde brukt til å byggja dei to husa, templet og slottet,

11. gav han Hiram, kongen i Tyrus, tjue byar i Galilea. For Hiram hadde hjelpt han med sedertre, sypresstre og gull, så mykje han ville ha.

12. Men då Hiram kom frå Tyrus og skulle sjå på dei byane han hadde fått av Salomo, lika han dei ikkje.

13. Han sa: «Kva er dette for byar du har gjeve meg, bror?» Og han kalla dei Kabul-landet, som dei heiter den dag i dag.

14. Hiram hadde sendt kongen hundre og tjue talentar gull.

15. Såleis hadde det seg med det pliktarbeidet som kong Salomo sette i gang då han skulle byggja Herrens hus, sitt eige hus, Millo og murane kring Jerusalem, Hasor, Megiddo og Geser:

16. Farao, kongen i Egypt, hadde gjort ei hærferd og teke Geser. Han hadde brent byen og drepe kanaanearane som budde der. Sidan hadde han gjeve byen i medgift til dotter si, som vart gift med Salomo.

17. Salomo bygde opp att Geser, og like eins Nedre Bet-Horon,

18. Ba’alat og Tamar i øydemarka der i landet,

19. alle byane han hadde lagerhus i, dei byane han hadde vognene og hestane sine i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde over.

20. Alle som var att av amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje var av Israels ætt,

21. etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde makta å bannstøyta dei, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag.

22. Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hoffmenn, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket hans.

23. Arbeidsformennene åt Salomo var fem hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med det folket som gjorde arbeidet.

24. Så snart dotter til farao hadde flytt opp frå Davids-byen til det huset han hadde bygt åt henne, gjekk han i gang med å byggja Millo.

25. Tre gonger om året bar Salomo fram brennoffer og måltidsoffer på det altaret han hadde bygt for Herren, og han brende røykjelse for Herrens åsyn. Så bygde han templet ferdig.

26. Kong Salomo bygde òg skip i Esjon-Geber, som ligg ved Eilat, på Sevsjø-stranda i Edom.

27. På desse skipa sende Hiram nokre av mennene sine som var sjøfolk og kjende havet, av stad saman med mennene åt Salomo.

28. Dei fór til Ofir og henta gull, fire hundre og tjue talentar, som dei hadde med seg heim til kong Salomo.