Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Den lame mannen

1. Så gjekk han ut i båten, sette over sjøen og kom til sin eigen by.

2. Der kom dei til han med ein mann som var lam og låg på ei båre. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lame: «Ver frimodig, son, syndene dine er tilgjevne.»

3. Men nokre av dei skriftlærde tenkte med seg: «Denne mannen spottar Gud.»

4. Jesus visste kva dei tenkte, og sa: «Kvifor hyser de så vonde tankar i hjarta?

5. Kva er lettast å seia: Syndene dine er tilgjevne, eller: Stå opp og gå?

6. Men så de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no seier han til den lame: «Stå opp, ta båra di og gå heim!»

7. Då reiste mannen seg og gjekk heim.

8. Men då folket såg det, vart dei ottefulle og lova Gud, som hadde gjeve menneske slik makt.

Jesus kallar Matteus

9. Då Jesus gjekk lenger fram, fekk han sjå ein mann som sat på tollbua; han heitte Matteus. Jesus sa til han: «Fylg meg!» Då reiste han seg og fylgde han.

10. Ei tid etter var Jesus gjest heime hjå Matteus, og det kom mange tollarar og syndarar og sat til bords saman med Jesus og læresveinane hans.

11. Farisearane såg det og sa til læresveinane: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollarar og syndarar?»

12. Då Jesus høyrde det, sa han: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei sjuke.

13. Gå og lær kva som ligg i det ordet: Det er miskunn eg vil ha og ikkje offer. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»

Spørsmålet om faste

14. Då kom læresveinane åt Johannes til han og sa: «Både vi og farisearane fastar, kvifor fastar ikkje læresveinane dine?»

15. Jesus svara: «Kan bryllaupsgjestene syrgja så lenge brudgomen er hjå dei? Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken frå dei; då skal dei fasta!

16. Ingen set ein lapp av ukrympa ty på eit gamalt kledeplagg. For då riv bota med seg noko av plagget, og rifta vert større.

17. Heller ikkje fyller ein ny vin i gamle skinnsekker; for då rivnar sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde. Nei, ny vin fyller ein i nye skinnsekker; då held dei seg begge.»

Dotter til Jairus, og kvinna som tok i Jesu kappe

18. Medan han tala til dei om dette, kom ein synagogeforstandar og fall på kne for han og sa: «Dotter mi er nett slokna; men kom og legg handa di på henne, så vert ho levande att.»

19. Då reiste Jesus seg og gjekk med han, og læresveinane fylgde.

20. No var det ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus attanfrå og tok i kanten på kappa hans.

21. For ho tenkte: «Kan eg berre få ta i kappa hans, så vert eg frisk.»

22. I det same snudde Jesus seg, og då han såg henne, sa han: «Ver frimodig, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart god att i same stunda.

23. Då Jesus kom heim til synagogeforstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han:

24. «Gå ut! Jenta er ikkje død; ho søv.» Dei berre lo åt han.

25. Så snart alle var sende ut, gjekk han inn og tok jenta i handa, og ho reiste seg opp.

26. Gjetordet om dette kom ut over alle bygdene der ikring.

To blinde og ein mållaus

27. Då Jesus gjekk derifrå, fylgde to blinde etter han og ropa: «Miskunna deg over oss, du Davids son!»

28. Og då han var komen i hus, gjekk dei blinde inn til han. «Trur de at eg kan gjera dette?» spurde Jesus. «Ja, Herre,» svara dei.

29. Då tok han på augo deira og sa: «Det skal verta som de trur.»

30. Og med ein gong kunne dei sjå. Jesus tala strengt til dei og sa: «Sjå til at ingen får vita det.»

31. Men dei gjekk ut og fortalde om han i alle bygdene der.

32. Med det same dei var farne, kom det nokre til han med ein mållaus mann, som var forgjord av ei vond ånd.

33. Så snart den vonde ånda var driven ut, kunne den mållause tala. Folket undra seg og sa: «Aldri har slikt vore sett i Israel.»

34. Men farisearane sa: «Det er hovdingen over dei vonde åndene som hjelper han til å driva dei vonde åndene ut.»

Apostlane og oppgåva deira

Grøda er stor

35. Jesus gjekk no ikring i alle byane og landsbyane. Han lærte folket i synagogene deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse.

36. Og då han såg alt folket, tykte han hjarteleg synd i dei; for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan hyrding.

37. Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men onnefolka er få.

38. Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»