Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Førebuinga til Jesu gjerning

Døyparen Johannes stig fram

1. På den tid steig døyparen Johannes fram i øydemarka i Judea og forkynte:

2. «Vend om, for himmelriket er nær!»

3. Det er om han profeten Jesaja talar når han seier:Ei røyst ropar i øydemarka:Ryd veg for Herren,gjer stigane hans rette!

4. Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning.

5. Folk drog ut til han, frå Jerusalem og heile Judea og landet attmed Jordan.

6. Og han døypte dei i Jordan-elva, medan dei sanna syndene sine.

7. Men då han såg at mange farisearar og saddukearar kom og ville verta døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreidedomen som skal koma?

8. Så ber då frukt som svarar til omvendinga.

9. Og tru ikkje at de kan seia: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan reisa opp born for Abraham av desse steinane.

10. Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.

11. Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.

12. Han har kasteskufla i handa og skal reinsa kornet på treskjevollen. Kveiten skal han samla i løa, men agnene skal han brenna opp med eld som aldri sloknar.»

Jesus vert døypt

13. Då kom Jesus frå Galilea til Jordan, til Johannes, og ville verta døypt av han.

14. Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!»

15. Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville.

16. Med det same Jesus var døypt, steig han opp or vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due.

17. Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.»