Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dei tolv apostlane

1. Jesus kalla til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt til å driva ut ureine ånder, og til å lækja all sjukdom og vanhelse.

2. Dette er namna på dei tolv apostlane:Fyrst Simon, han som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans, så Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans,

3. så Filip og Bartolomeus, Tomas og tollaren Matteus, Jakob, son til Alfeus, og Taddeus,

4. Simon Kananeus og Judas Iskariot, han som sveik han.

Jesus sender ut apostlane

5. Desse tolv sende Jesus ut, og han baud dei:Ta ikkje vegen til heidningane, og gå ikkje inn i nokon av samaritanbyane!

6. Men gå til dei bortkomne sauene i Israels-folket.

7. Og kvar de kjem, skal de ropa ut: Himmelriket er nær!

8. Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine, og driv ut vonde ånder! For inkje har de fått det, for inkje skal de gje det.

9. Ta ikkje med dykk gull eller sølv eller kopar i beltet,

10. og heller ikkje ferdaskreppe, ikkje to kjortlar, ikkje skor og ikkje stav. For ein arbeidsmann er kosten sin verd.

11. Når de kjem til ein by eller landsby, så spør dykk føre kven som er verdig til å ta imot dykk; hjå han skal de vera til de fer lenger.

12. Og når de kjem inn i huset, skal de helsa det med fred.

13. Er huset verdt det, skal freden kvila over det; men er huset ikkje verdt det, skal freden venda attende til dykk.

14. Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene.

15. Sanneleg, det seier eg dykk: På domedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.

Det skal koma forfylgingar

16. Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver kloke som ormar og godtrune som duer!

17. Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene.

18. Og de skal førast fram for landshovdingar og kongar for mi skuld og vitna for dei og for folkeslaga.

19. Men når dei dreg dykk for retten, så syt ikkje for korleis de skal tala eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda.

20. For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar gjennom dykk.

21. Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr.

22. Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.

23. Men når dei forfylgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, det seier eg dykk: De vert ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem.

24. Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over husbonden sin.

25. Det er nok for ein læresvein at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som husbonden. Har dei kalla husbonden Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?

26. Ver ikkje redde dei! For ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent.

27. Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i ljoset; det som vert kviskra dykk i øyra, skal de ropa ut frå hustaka.

28. Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete.

29. Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Men utan han som er Far dykkar, fell ikkje éin av dei til jorda.

30. Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt.

31. Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.

Vedkjenning og etterfylging

32. Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen.

33. Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.

34. Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.

35. Eg er komen for å setja skilje:Son står mot far,dotter mot mor,sonekone mot vermor,

36. og ein manns husfolk ¬er hans fiendar.

37. Den som har far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Den som har son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg.

38. Og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg.

39. Den som vinn livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, skal vinna det!

Løna for å ta imot ein læresvein

40. Den som tek imot dykk, tek imot meg; og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.

41. Den som tek imot ein profet fordi han er profet, skal få ein profets løn, og den som tek imot ein rettferdig mann fordi han er rettferdig, skal få ein rettferdig manns løn.

42. Og den som gjev ein av desse små, om det så berre er ei skål kaldt vatn fordi han er læresvein – sanneleg, det seier eg dykk: Han skal ikkje missa si løn.